Helene forstod jau sin Tchaikovski! Dette gjekk nesten profesjonelt!
Anne Marie Ottersen fekk betre instruksjon om kva det var å vere dirigent, men gjekk fullstendig bananas. Huff!
Adam hadde ikkje peil på kven som spelte kvart, og så gjekk straumen her heime då han skulle på podiet. Men han forstod tydelegvis ingenting, ut frå poengsummen.
Admiral P hadde tydelegvis ikkje forståing for takt og tone, bokstaveleg talt.....eit døme på at å vere musikalsk ikkje nødvendigvis gjer at du fiksar alle sjangrar, men mykje betre enn humlens utflukt... men også den gongen var tempoet merkeleg.
Silya er derimot så musikalsk at dette trudde eg berre måtte gå bra, og Radezky marsj er såpass dyamisk at dette måtte bli moro: Og det blei det. Men tempoet dala litt, kunne vore litt raskare. Berga seg ved å danse takta. Show heldt dama derimot heile vegen. Scenemenneske på sin hals.
Så var det Herman Dahl, som hadde ein fantastisk mimikk sist Denne gongen skulle han ta eit av nasjonalverka, som kunne vere ganske krevjande å dirigere, når tempoet og dynamikken ....fantasisk start, og ein måte å bruke orkesteret på som kunne assosisierast med Fritz Reiner i bakrus. Fantastisk heile vegen, faktisk!
Faten tek utfordringar, også når ho ikkje har gode odds, og Shostakovich er definitivt ikkje det lettaste, sjølv om det var vals. Ho greidde seg relativt bra. Det skjedde noko med henne under trombonesoloen, utan at eg forstod heilt...
Vidar Magnussen hadde spennande mimikk fyrste gong, og no skulle han dirigere Svanesjøen. Komikarfjeset hans var ikkje noko pluss denne gongen....men han heldt maska. Men flaksa fælt med vengene mot slutten. Greidde flott slutten, ganske imponerande.
Flott program, som motvekt til den musikken vi ikkje er så imponert over. Slike svisker har vi godt av. For ikkje å snakke om dei som ikkje har høyrt slikt før.