Eg likar meg bak kateteret. Med nokre småturar rundtomkring. Akkurat som elevane.....
1. Jeg liker meg overhodet ikke bak kateteret. Aller helst ville jeg ikke hatt kateter, det er nok med et ståkateter til å PCen på.
2. Jeg må være aktiv for å undervise godt, på lik linje som at elevene må delta aktivt for å lære godt.
3. Som lærer må man jobbe med relasjonene slik at det er trivelig å komme rundt til elevene, og bure seg ned bak kateteret er ikke en løsning.
1. Skjønar. Eg levde i mange år utan kateter, då eg underviste aldersblanda. Då hadde eg eit bord i midten av klasserommet, og elevane plasserte ut mot veggane på eigne pultar/arbeidsbord, med hylle, slik at dei ikkje trong vandre for å hente bøker. Timen starta med fellesbeskjedar, kva som skulle skje neste time/resten av dagen. Så var det "studie". 5. og 6. klassingane jobba på eiga hand, etter vekeplan. 6.klassingane fekk ikkje hjelp, men måtte vere "hjelpelærarar" for 5.klasse etter behov. På bordet i midten underviste eg 4.klassingane. Etter ca eitt kvarter bytte vi. 4.kl arbeidde på eiga hand, 5.klasse fekk gjennomgang ved bordet i midten, og 6.klasse heldt fram som før med å vere hjelpelærarar. Siste økta var det 6.klasse som fekk gjennomgang i midten, medan 5.kl fekk prøve seg som hjelpelærarar. Dette førte til repetisjon og "overlæring" for 5. og 6.klassingane.
Metoden er/var svært utbreidd i matematikk, norsk og i visse emne i andre fag i fådelt/udelt skule. Svært effektiv når det gjeld å formidle sjølvstende og gode arbeidsvanar. Noko vi i ettertid har sett i samanheng med dei gode resultata frå det grisgrendte fylket Sogn og Fjordane.....
Men no har eg både kateter og "talarstol" for pc-en.
2. Heilt sant. Men eg pratar for mykje. Dosering er vel den dårlegaste undervisningsforma vi har....?
3. Eg tippar "relasjonspedagogikk" vert det mest trendy etter at eg pensjonerer meg om eit par-tre-fire år...men det er greitt med eit kateter til å legge bøkene på. Og så er det ei fase i timane der eg forventar at elevane arbeider på eiga hand, før dei rettar opp handa. Eg tykkjer dei må ha gjort minst tre forsøk før dei spør meg. Nokre greier ikkje dette, men ut frå relasjonane greier dei å prøve igjen, før eg eventuelt må hjelpe dei i mål. Men denne fasen mellom å lese oppgåvene og rette opp handa, har eg erfart at det er gunstig å vere travelt oppteken med eit kvart arbeid på kateteret. Litt lenger lunte før dei gjev opp då....