Ikeda er noko av det betre, men det betingar god riaa for å få ut potensialet. Den billege, grøne, var forunderleg lett å ha med å gjere,
TEST: Ikeda 9TS pickup – om du treng perspektiv på tinga
Men det er vanskeleg å gje gode råd når det gjeld pickup. Få har skikkeleg oversyn, bortsett frå Rudi, som rett nok har kosa seg med mest formel1-pickupar dei siste åra. Som vinkjennarane seier, livet er for kort til å styre med billeg skvip.... Dei verkeleg gode pickupane kostar litt. Og det er skilnad mellom dei, og ikkje berre nyansar.
Nokre moment eg kan nemne i staden for å gje råd:
- MC-pickupar er gjennomgåande meir interessante enn MM. På den andre sida er MM oftast billegare - og lettare å arbeide med. Slipingane er rimelege (no skjer det rett nok veldig mykje på denne fronten), og du treng berre ein relativt enkel riaaforsterkar med 47 kOhminngang utan så mykje styr, eigentleg. MC er dyrare, og du kan ikkje (sjølv) skifte stift når denne er utsliten. Og dei beste MCane er typisk lågoutputtarar, ofte ned i 0,2 mV ut eller verre - og då skal det ein ganske kostbar riaa til for å få det til å gå opp utan susing og styr.
Mange dyre, veldig fine pickupar har Microline, Shibata, VdH 1 eller 2-sliping. Desse les rillene av på ein skikkelegare måte enn dei trillrunde diamantane som kjem i billege pickupar. Men desse vidundera er ganske pirkete når det skal justerast, og tåler ikkje anna enn gode armar og presisjonsjusteringsarbeid, som tek tid.
Det er mange andre faktorar, og det beste ville vere å få låne nokre pickupar for å bygge eigne erfaringar. Men det er vanskeleg å få låne pickupar, ettersom det er så fintfølande ting, og at dei vert utslitne etter kvart, er det ikkje alle forhandlarar som kan låne ut sånt. Det er ikkje berre å be om depositum, for ein forhandlar må nesten sjekke at alt er i orden etter eit utlån, og då må pickupen riggast opp på nytt i butikken.
Det vert vel råd likevel:
1. Pass på at pickup og arm passar saman.
2. Pass på at du har ein riaa som kan ha eit godt samliv med pickupen.
3. Tenk langsiktig, og lytt til vinylriggar når du kan. Noter deg det du opplever når du høyrer eit oppsett. Kanskje du skal ha pickup snart?
4. Søk hjelp der slikt er å finne. Stol helst på tynnhåra, gråsprengte herrar over 50. Nokre av dei har peiling.
5. Sjekk butikkar der dei har mange alternativ å velje mellom. Gå ikkje berre etter pris. Be om demonstrasjonar av minst to pickupar i kvar butikk. Spør om dei kan komme på heimebesøk for finjustering på relativt dyre ting.
Til sist nokre veldig kjekke kjøp:
- Dynavector DV10x5 har vorte dyr etter kvart. Men han er svært takksam å jobbe med - det skal ikkje mykje til for å optimalisere denne.
- Shure v15 mk II, med ny stift vil overraske mange. Men du må ha ein lett arm.
- Gamle platespelarar frå Japan med tung arm er veldig hyggjelege når dei får ein Denon 103 hengt på. Men du må ha god riaa til MC.
. Kjem du over ein Grace-pickup, kan det vere greitt å kike på Soundsmith sine stiftar til desse. Kostar litt, men er ikkje dumme
. Det er mykje som går an. Forkast ikkje ei løysing utan å høyre fyrst.
Lukke til!