Takk Arve, det var dette jeg tenkte å gjøre!
Dataen til Pylon finner du her
Zestaw głośnikowy Diamond 25 - Pylon Audio , dessverre på Polsk. Sier de noe?
Der var tekniske data. Ser at Diamond 25 spelar 88 dB i ein meters avstand. For å få tli dei nødvendige 100 dB på 2 meters avstand treng du teoretiske 64 watt. Eg ville hatt litt ekstra å gå på i tilfelle partybehovet skulle melde seg...altså brukt noko mellom 100 og 200 watt, slik produsenten tilrår. Men legg merke til at høgtalarane er på 4 Ohm. Sjekkar du t.d. NAD sine tekniske data, ser du at forsterkarane leverer meir watt i 4 enn i 8 ohm. Såleis kan ein verte freista til å meine at 4 Ohm er betre enn 8, men det er ikkje heilt så enkelt. Dess lågare impedanse ein høgtalar har, dess meir nærmar forsterkaren seg 0 Ohm, som er kortslutning. Om forsterkaren er liten, og skal jobbe under slike tilhøve, kan det verte tøft om ikkje straumforsyninga er sterk nok. Så små forsterkarar må passast på, medan "store forsterkarbeist" normalt er godt utrusta i straumforsyninga, og dessutan er bygde for å levere meir Watt.