Eg trur vi må seie at det kokar ned til eit spørsmål om smak. Og om den generelle matchinga av utstyret (med signalkjelde og høgtalarar, som er like viktige som forsterkarkomponentar)
Synergieffektar er ofte eit pluss, men då må du i utgangspunktet vere litt hekta på produsenten sitt utgangspunkt. Når dette er i pakt med det du jaktar etter, er det fint å reindyrke greiene. Eg har litt erfaring med Conrad Johnson her. Når eg lyttar til eit litt eldre, komplett CJoppsett, er det typisk veldig godt defninert lydbilde, flott dynamisk nyanseringsevne (spesielt når vi kjem til fortissimo), men ein smule bassgitaristbass (som eg likar, men som eg har høyrt andre kalle midbass litt i varmaste laget, og utan verkeleg kontant djupbassattgjeving. Men eg har eit anna inntrykk av nyare utstyr). Sjølvsagt vil det av og til verte for mykje "karamell", og du kan få ynskje om ei "motsett synergieffekt", at du vil tone ned litt av "signaturen". Eg var i utgangspunktet svært interessert i ein CJ forforsterkar, men fann etter kvart ut at ein Audio Research passa mykje betre til det eg skulle ende opp med som referanseoppsett i over 10 år. Eg hadde store elektrostatar, og CJ gjorde romopplevinga svært realitisk og klangen utruleg "vakker", men då eg prøvde Audio Research forforsterkar, kom det fram detaljar og større nøytralitet. Eg fekk også prøve ymse sluttrinn, og fann etter kvart ut at eg ikkje var fornøgd med måten korkje ARC eller CJ-alternativa spelte saman med ymse forforsterkaralternativ eg innimellom fekk prøve ut. Eg enda opp med ein slags mellomting, ein engelsk Grant effektforsterkar som "ikkje var heilt" som dei to andre (men som hadde ganske mange av dei godane til dei to andre merka). Det førte til eit lukkeleg liv, for mellom 1986 og 1995 (ca? Må sjekke memoarane) skifta eg ingen større komponentar, sjølv om eg fekk prøve mykje spennande (eit par gongar var det nære på, men eg opplevde då alternativ der både for - og effektforsterkar måtte skiftast samstundes, og det vart litt for tøft for lommeboka midt oppi småbarnsperioden).
I mitt tilfelle tilstreba eg altså "i pose og sekk", slik at eg både hadde tredimensjoalitet, dynamikk, detaljrikdom og nøytral klang på ein gong. Eg var rett nok freista til å tenkje full pakke frå ein av dei to amerikanske produsentane (og dessutan tre-fire andre innimellom), men trur handla klokt. Kanskje eg sparte mykje pengar på dette, samanlikna med å gå lei av noko og oppgradere?