Vossajazz 2024 laurdag og sundag

IMG_4370b.jpg



Eg gjer Hanna Paulsberg sine ord etter Tingingsverket laurdag til mine: “Do you Want my job? Do you want the hassle? Nei, det vil du neppe, men no er jobben gjort: Resten av Vossajazz 2024, laurdag og sundag.
Tingingsverket: Hanna Paulsberg “Do you Want my job?"


“Do you want my job?” do you want the hassle” syng Hanna rytmisk gyngande, og får publikum med på refrenget.. Det er tydelegvis ingen dans på roser å vera jazzmusikar. Men kva skal ein elles finna på? Eg har vore på fleire konsertar med saksofonisten Hanna Paulsberg, og alltid oppfatta ho som meir lyrisk og melodisk enn dei fleste. Med tingingsverket har ho reindyrka denne trenden ytterlegare. Det var rett og slett uvant melodisk. Eg har fleire gonger ytra meg kritisk til tingingsverka, som ofte har vore prega av ein vanskeleg tilgjengeleg flinkisme. Ikkje slik med Hanna. Ho seier ingenting når ingenting treng seiast. Stundom malte ho berre eit lydbilete oppå dei andre sine bidrag. Og stundom var det heilt stilt. Ikkje ein tone. Magisk, og overraskande. Hanna her tydelegvis ingen trong for å briljera. Dette var so nedpå at det var ein fryd. Det verka gjennomkomponert, og innøvd. Og ein leksjon i kunsten å beherska seg. Eg har leita etter ting å pirka på, men har gjeve opp. Denne konserten var ein fryd frå ende til annan. Eg ville gjerne sete midt i salen med tanke på lyden, men kom for seint, og måtte sitja heilt framme, på presseplassane. Det er ideellt med tanke på fotografering, men ikkje lyd. Eg oppfatta likevel lyden som naturleg, glatt og uvrengt. Eg har rett og slett lite og ingenting negativt å seia om denne konserten, som er eit av dei beste tingingsverka eg har opplevt, og alle eg snakka med etter konserten var samde. Terningkast 10. Kjem dette på plate? Eg kryssar fingrane.
Men revolver mot tinningen har eg ei innvending: Ein inderleg roleg og vakker låt på slutten av konserten vart avløyst av ein meir “uptempo”. Dette er heilt normalt, for å skapa variasjon i programmet. Det fungerer dårleg for meg. Etter ein slik varleg og vakker låt går eg inn i ein kokong av varme og ro, som eg veldig gjerne vil halda på, og ikkje rivast opp i frå. Eg skulle ynskje at konserten hadde slutta med ein slik roleg låt, og at den etterfylgjande hadde kome før. Men det er no berre meg. ....

Les heile artikkelen frå Vossajazz på laurdag og sundag i Audiophile.no

IMG_4372b.jpg
 

Kommentarer

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
1.031
Link til alle artikler
423
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Galaxy Unpacked juli 2024 – nyeste halvårlige slipp fra Samsung

Galaxy Unpacked juli 2024 – nyeste halvårlige slipp fra Samsung

  • 0
Den 10. juli arrangerte Samsung sitt halvårlige lanserings-event Galaxy Unpacked. Hovedattraksjonen var også denne gangen en ny generasjon av de to brettbare mobiler på agendaen, i tillegg til en...
Fortsett
Audiophile.no
Electrocompaniet Objekt - karakterfulle høgtalarar del 1. Stig Arne si dagbok Juni 2024

Electrocompaniet Objekt - karakterfulle høgtalarar del 1. Stig Arne si dagbok Juni 2024

  • 7
I førre dagboka skreiv eg om karakterfulle forsterkarar. Me held fram med karakterfulle høgtalarar. 3 store par er relativt grundig prøvd ut, eitt av dei er særs sjeldne, dei to andre meir vanleg...
Fortsett
Audiophile.no
Magico S3 2023 – Norgespremiere hos Duet Audio

Magico S3 2023 – Norgespremiere hos Duet Audio

  • 0
15 juni var det norgespremiere på Magico S3 2023. Audiophile.no avla Duet Audio en visitt både for å overvære lanseringen og for å besiktige denne aktøren sine nye lokaler. Duet Audio sine nye...
Fortsett
Audiophile.no
Karakterfulle forsterkarar – Stig Arne si dagbok 2023

Karakterfulle forsterkarar – Stig Arne si dagbok 2023

  • 11
Åremålsdag og vitjing frå “soloppgangens land” - atter ei gong - har gjort at me er lovleg seint ute med ny dagbok. Men her kjem nokre gamle forsterkarar og ein “ny”, ein MAC og ein DAC og litt...
Fortsett
Audiophile.no
TEST HD 620S – et annerledes bidrag til Sennheiser sin 600-serie

TEST HD 620S – et annerledes bidrag til Sennheiser sin 600-serie

  • 0
Da Sennheiser annonserte sin nye HD 620S i begynnelsen av mai var det en nyhet som fenget min interesse langt over middels. For dette er et nytt bidrag i produsenten sin klassiske 600-serie, og da...
Fortsett
Audiophile.no
Dårleg lyd – Stig Arne si dagbok april 2024

Dårleg lyd – Stig Arne si dagbok april 2024

  • 5
Omfattande utskiftingar i stereoanlegget kasta meg ut i ei reise kor det tok tid å koma attende til eit akseptabelt resultat. Slikt lærer ein av. ORSAKINGAR I KØ I førre dagboka orsaka eg meg...
Fortsett
Topp Bunn