Electrocompaniet Objekt - karakterfulle høgtalarar del 1. Stig Arne si dagbok Juni 2024

SAD-0624 (1 of 1)-2.jpg



I førre dagboka skreiv eg om karakterfulle forsterkarar. Me held fram med karakterfulle høgtalarar. 3 store par er relativt grundig prøvd ut, eitt av dei er særs sjeldne, dei to andre meir vanleg men særs ytedyktige, det eine paret til og med særs rimelege, men kan hende dei beste, etter forsiktige modifikasjonar. Me byrjar med “pyramidane”, ikkje frå Egypt, men frå Electrocompaniet. Men ølet vert sagt å koma frå Egypt, opphaveleg. So då var ikkje den vitsen so dum likevel.

ELECTROCOMPANIET OBJEKT - “DESIGNED BY SVEIN ERIK BØRJA” (SEINT 80-TAL)
Det blir ikkje meir eksklusivt enn dette. Høgtalarane er designa av den kjende NRK-profilen og audiofile guruen Svein Erik Børja som gikk bort i 1992, og produsert i samarbeid med Per Abrahamsen og Electrocompaniet, betre kjend for konstruksjonen av forsterkarsettet på 25 Watt, den dag i dag høgt verdsett. Per Abrahamsen gikk bort i desember 2022.

Objekt-skroget er eit komposittmateriale, epoxy og marmor, støypt på Porsgrunn porselen, og det vart truleg laga kring 40 par berre, avdi mange skrog mislukkast eller sprakk. Ein eigentleg serieproduksjon kom difor aldri i gong, også avdi Børja og Abrahamsen på eit tidspunkt rauk uklar om vidare produksjon og utvikling.

Eg finn ikkje mykje info om desse på nettet anna enn det eg sjølv har skrive. Meir om bakgrunnen finn du i dagboka frå januar -21, der eg fortalde om kvar eg har vendt meg for informasjon. Eg får ikkje med alt her, då hadde det vorte bok. Ver merksam på at ein del av iformasjonen eg fikk var avhengeg av kven eg spurde.

Sjeldan har det vorte laga høgtalarar meir i tråd med funksjonelle og akkustiske ideal. Ikkje berre skrånar fronten baketter, slik at alle 3 elementa står på same loddrette startstreken, men sidene møtest i ein topp. Nedst må ein høgtaler nødvendigvis har ein viss front og breidd for å hyse eit stort basselement og kabinettet bak, men oppetter til mellomtone og diskant bør kabinettet smalne inn for betre spreiing og stereoperspektiv. Du finn same tankegangen i dei vidgjetne eldre toppmodellane frå B&W (801) og KEF (105). So om du lurte på om eit breitt eller smalt kabinett er det beste, har du no svaret!

Fasongen er skulpturell og estetisk vellukka i de grad at dei vart “antatt" av MOMA (Museum of modern art) i New York, ukjend kva år. Det er ikkje mange forunt. Men dette er nok utelukkande på bakgrunn av utsjånaden. MOMA er ikkje eit hifi-magasin, det er derimot audiophile.no, og her har vi gjort ein grundig vurdering for å finna ut om Electrocompaniet Objekt er meir enn "berre eit kunstobjekt".

Sjølv om desse høgtalarane har ein del spektakulære eigenskapar, har dei og svake sider, som alle andre. Det fyrste problemområdet er bassen. Dette er store og tunge høgtalarar, som ein ekte high-endar, og dei var sikkert ikkje billege heller. Dei vert handsama deretter. Du forventar at dei skal kunne spela høgt og mektig, men det kan dei ikkje. Basselementet er berre 8 tommar, og såleis var det eine alt øydelagd grunna overbelastning (Seas CA21RE). Sidan samtlege element er limte fast i fronten i staden for skrudd eller bolta, tok det tid å finna ut korleis me fekk elementet ut, sjekka impedans og modell nr, og finna rett element på bruktmarknaden. Dei er difor eit mareritt å jobba med. Elementet måtte tersast ut med gjengeverkty, og samtlege element måtte ut grunna endringar/modifikasjonar me ynskte å gjennomføra. Me har meir info om element, delefilter og anna for dei som ynskjer, det er berre å ta kontakt.

Les heile dagbokartikkelen om Electrocompaniet Objekt i Audiophile.no

SAD-0624 (9 of 10).jpg
 

Kommentarer

Gjest.

Hi-Fi freak
Ble medlem
12.09.2006
Innlegg
6.175
Antall liker
893
God lesning, dette. NB! Svein Erik Børja gikk bort i 1982.
 
Sist redigert:

Gjest.

Hi-Fi freak
Ble medlem
12.09.2006
Innlegg
6.175
Antall liker
893
Da er wiki feil. Jeg var i hifimiljøet i Oslo på den tida og husker det godt.
 

R.E.S.

Hi-Fi freak
Ble medlem
31.05.2006
Innlegg
6.069
Antall liker
6.730
Torget vurderinger
34
Virker i hvertfall snodig om digitalarkivet har feil dødsdato.

Screenshot_20240726_095719_Chrome.jpg
 

Trondmeg

Æresmedlem
Ble medlem
28.12.2003
Innlegg
13.211
Antall liker
8.448
Torget vurderinger
12
Han hadde regi på blikkbåx som kom i 1987. Jeg er rimelig sikker på at 1992 er rett. Jeg visste godt hvem Børja var da han døde og det var flere år etter at jeg «oppdaget» han en gang på 80-tallet.
 
Sist redigert:

larax

Hi-Fi interessert
Ble medlem
26.04.2006
Innlegg
91
Antall liker
187
Sted
Harestua
Det var i 92 han gikk bort. Jeg var venn med Thomas Børja, sønnen hans og jeg hadde disse høytalerene. Vi var hjemme hos Svein Erik og hørte på prototypene.Husker Per A. ringte meg og sa at nå kunne jeg komme og hente dem. Det var skikkelig stas. Mener å huske at onkelen til Thomas, broren til Svein Erik jobbet på Seas og han oppgraderte mine med nye basser og delefilter. Angrer den dag i dag at jeg solgte dem. Etter det Per Abrahamsen sa, så ble det laget 50 par svarte og to par hvite. Husker Thomas Børja hadde det ene hvite paret.
 

TomVen

Overivrig entusiast
Ble medlem
21.01.2008
Innlegg
513
Antall liker
488
Sted
Jar
Han skrev også flere innlegg i »Audio» på begynnelsen av 90-tallet. Ingen tvil om at 1982 er feil og 1992 korrekt.
 

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
1.300
Link til alle artikler
492
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
TEST: Marantz Model M1- Varulv i lammeklær

TEST: Marantz Model M1- Varulv i lammeklær

  • 0
Marantz Model M1 ble lansert for et år siden sammen med storebror Model M4. Vi har hatt Model M1 på en grundig test sammen med stativhøyttalerne Polk R200. I slutten av mai lanserte Marantz den...
Fortsett
Audiophile.no
HARMAN kjøper Sound United, med B&W, Denon og Marantz

HARMAN kjøper Sound United, med B&W, Denon og Marantz

  • 5
HARMAN har i går lagt ut en melding om at de kjøper Sound United fra Masimo Corporation for 350 Mill. USD. I pressemeldingen er det positivt bekreftet at overdragelsen inkluderer merkene Bowers &...
Fortsett
Audiophile.no
Qobuz Connect er født. Og gjett hvor...

Qobuz Connect er født. Og gjett hvor...

  • 14
I går dukket det opp meldinger om at Qobuz Connect var født. I første omgang var det iOS-apper som var tilgodesett, men med løfte om snarlig oppdatering også for Android. Den oppdateringen kom i...
Fortsett
Audiophile.no
Kan du SJÅ lyd? - Stig Arne si dagbok mars 2025

Kan du SJÅ lyd? - Stig Arne si dagbok mars 2025

  • 6
Ikkje for å klaga, men det har vore mykje skriving i det siste. Platemelding, Oslo-messa, februardagboka, Vossa Jazz to reportasjar, og brått er det tid for dagbok att. Og inn i mellom vert ein...
Fortsett
Audiophile.no
Px7 S3 – ny generasjon fra B&W

Px7 S3 – ny generasjon fra B&W

  • 0
I dag har Bowers & Wilkins lansert en ny generasjon for de trådløse hodetelefonene Px7. Og hva er vel mer selvfølgelig enn å kalle enn tredje generasjon for Px7 S3? Vi var invitert til en...
Fortsett
Audiophile.no
Atalante 7 Evo – nytt flaggskip fra Revival Audio

Atalante 7 Evo – nytt flaggskip fra Revival Audio

  • 9
Den franske produsenten Revival Audio har lansert en ny flaggskipmodell i forsiktig HighEnd prisklasse. Atalante 7 Evo overtar plassen øverst på pallen etter Atalante 5. På Hortenmessa i 2023 var...
Fortsett
Topp Bunn