Alt til hus og bolig Vakkert Design (møbler m.m.)

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    7.844
    Antall liker
    8.826
    Sted
    Au recherche du futur perdu
    På topp når eg gjekk inn på Finn i dag. Eg har hacka tenesta til å vera eit livsstilsmagasin i staden for reklame. Sorry, men eg tykte begge desse var verd å dela.

    Først, ganske ny sak på Tveiterås ved Nesttun (Bergen). Dette er ikkje banebrytande, men om det skal vera moderne-moderne arkitektur* likte eg denne godt. Interessant planløysing; ein får litt å breia seg på når ein berre legg inn tre fire soverom. Kjøken-allrom er ikkje optimalt, men der er betre enn kjøkenkrok i stova. Ja, eg liker at huset svevar. Sjølv om det sikkert har ingeniørtekniske bakdelar.


    Ligg ikkje så gale til sett utan eigedomsmeklar-briller, heller (bileta i annonsane fortel alltid eit eventyr; målet er at vi skal forelska oss så kraftig i dei at vi overser om næraste naboane er ein motorveg og ein sildeoljefabrikk)

    I Oslo, Fehn-klassikar til sals i dei eleverte delane av byen. Meiner eg har sett denne i fleire bøker om Fehn og/el norsk arkitektur. Så mykje tegl at sjølv @superhkm må vera nøgd. Seks soverom: No byrjar det å monna, her.


    * Det er mogleg, jamvel truleg, at periodiseringa mi frå tidleg-modernisme (1920-1940), mid-mod (1945-1980), post-modernisme (1980-2000) og moderne-modernisme (2000-) er veldig idiosynkratisk. Same det, eg står for han. Fehn fell stilmessig mellom mid-mod og post-mod.
     
    Sist redigert:

    Valentino

    Lustig im Tempo und keck im Ausdruck
    Ble medlem
    23.04.2008
    Innlegg
    33.859
    Antall liker
    33.268
    Sted
    Ottestad
    Torget vurderinger
    1
    Ubrukelige greier til å henge på veggen går vel her?

    1778165964677.png
    1778166057820.png
    Ikke første gang Stones har fått en heit kunstner til å lage cover for seg. Andy Warhol gjorde Sticky Fingers og Love You Live for dem, og selvfølgelig coverkunst for andre artister.
     

    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    7.844
    Antall liker
    8.826
    Sted
    Au recherche du futur perdu

    Spenstig forslag fra Bane Nor Eiendom, men Arkitekturopprøret liker best Disneyland. Som vanlig, helst da en AI-generert utgave.
    Eit ekte Trump-palass frå opprøret. Tårnet såg mykje betre ut.

    Eg har ikkje så sterke meiningar om høghus: det er oftest meir ingeniørarbeid enn arkitektur, men det er ein besynderleg stor del av nedre sentrum (rundt Oslo S) som har eit veldig utriveleg bymiljø på gateplan. Eg veit ikkje om høghus hjelper så mykje på det. Ikkje utriveleg fordi det kjenst farleg, men utriveleg fordi det kjenst som om det ikkje eigentleg er meint å vera menneske der.

    Minner meg om mange andre byar eg har vore i; ut frå jarnbanestasjonen kjenst det som om ein kjem ut nærast på baksida av byen (kontra er faktisk Bergen, der du møter Lille Lungegårdsvannet og kan gå inn mot sentrum med Kaigaten på høgre hand og KODE på venstre; jarnbanestasjonen er som ein port inn i byen).
     
  • Laster inn…

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Laster inn…
Topp Bunn