Med auka kunnskap kjem meir erkjenning, og ein skulle tru at religion vart meir og meir neddempa. Kristendomen endrar karakter frå å vere ei styrande kraft i både kultur og politikk til å verte noko privat. Dette er nok på mange måtar ei sunn utvikling. Problemet er når religion vert erstatta av kynisk og likeglad postmodernisme, at alt er like (lite) verdifullt.
I åndsfridomen og toleransen sitt namn opnar vi for kvasomhelst av haldningar, idear og verdiar. Vi ser massevis av nyreligiøsitet, alt frå det vi kan kalle fundamentalistisk kristendom fram til alternativmedisin (og innan eigne krinsar; kabeldyrking)
Alt er i prinsippet lov, og alt kan diskuterast. Men når alt har same verdi, vert det uhyre vanskeleg å forholde seg til realitetar.
Lat oss ta klassikaren Rudolf Steiner (ja, han med stenerskulane. Sidan skule er mitt felt). Mannen hadde mykje svært fornuftig for seg, men samstundes innførte han antroposofien, som etter mitt syn er heilt tullete.
Sidan menneska no eingong er relasjonsorienterte, slit vi med å skilje mann og ball. Ein kjem i fare for å like antroposifien fordi ein likar Rudolf Steiner sin pedagogikk. Eller motsett kan ein avvise pedagogikken (eller waldorfsalat, som er ei anna side av Steiner vi ikkje skal komme inn på her).
Eg trur problemet i dag er å skilje barn og badevatn. Vi ser det fleire stadar i historien. Hitler vart rikskanslar på heilt lovleg vis, etter det systemet som var konsensus om - og resultatet veit vi alle. Då Algerie fekk frie val, skjedde det same som skjer i Egypt no, ein lovleg vald nasjonalforsamling innfører Sharia - eit svært så udemokratisk styresett. Løysinga i Algerie og Egypt er å sette til side demokratiet. Ja, men kva om forteikna hadde vore motsette?
Eg hevdar at mennesket ikkje fyrst og framst er eit fornuftsvesen, som brukar rasjonalitet og logikk som hovudrettesnor. Det er kjenslene som styrer oss. Og relasjonane.
Kvar skal vi så finne rettleiing i våre liv?
Iallfall ikkje gjennom næraste relasjon. Næraste relasjon har sannsynlegvis ikkje peiling på alt.
Kunsten er å vurdere kven som er autoritet på kva.
I det store og heile skal ein vere uhyre forsiktig med autoritetar av alle slag. Dei kan gje svar på det meste, men ikkje nødvendigvis rette svar. Problemet er at du må sjølv reflektere deg fram til det rette.
Denne refleksjonsfasen er det viktigaste vi har. Så lenge du er i tvil om rett svar, vurderer du, og du brukar det du har av intellekt, kjensler - alt saman. Så må du beklagelegvis til sist stoppe refleksjonsfasen, og ta eit standpunkt. Slike standpunkt har ein tendens til å sementere seg. Og du risikerer å få eit dogme, som du vil ha svært vanskeleg for å endre. Vi menneske har eit ekstremt sterkt behov for å rettferdiggjere våre val. Sjå berre på stereoanlegget. Til meir i tvil vi var før avgjerda om innkjøp, til meir skråsikre er vi etterpå over å ha gjort det einaste rette.
Her på Sentralen treff vi eit spesielt klientel med iallfall ei fellesinteresse. Vi er vel 98% hankjønn, over gjennomsnittet teknisk interesserte, og typisk ganske skråsikre i vår omgangsform.
Eg jobba ei tid med personalpolitikk, og la merke til nokre tendensar på arbeidsplassar der det var sterk kjønnsdominans. Kvinnearbeidsplassar hadde utfordringar av i hovudsak eitt slag. Og mannsdominerte arbeidsplassar var prega av lett ureinsemd, og meir røff omgangstone. Blandingsarbeidsplassar (spesielt spennande å observere når ein sterkt kjønnsdominert arbeidsplass brått fekk innslag av det motsette kjønn) hadde ein heilt annan type dynamikk.
Eg har også fått sjanse til å undervise kjønnshomogene grupper i ungdomsskulen. Heilt klare tendensar der også.