T4P - Stig Arne si dagbok for november 2024

SAD-1124 (1 of 1).jpg


Litt om platespelarar til ei avveksling! Og årets jolaøl frå Vinmonopolet

Førjulstida er travel, me presenterer difor ein omtale av nokre pickupar til T4P-platespelarar, som alt var klar. Og omtalen av årets jolaøl frå Vinmonopolet, som naturleg nok er mest aktuell om me klarar å publisera før jul. Eller jol som me seier her på vestlandet; frå heidensk tid. Opphavleg ein fest for solsnu.

5 PICKUP-AR TIL T4P-PLATESPELARAR
Eit par dagar eg ikkje hadde noko anna som brann under føtene, leita eg fram nokre pickupar, som eg har hatt liggjande lenge utan å ta meg tid til å prøva dei ut. Dei er av typen T4P, les under.

T4P-platespelarane var ei nyskaping frå Technics, gjerne i form av dei små, på storleik med eit plateomslag. Du hugsar dei? Dei er søte som ein nyfødd kvelp, særskilt den brune. Dei hadde ein spesiell montering for pickupen, kalla T4P-fatning, der P står for P-mount. Berre T4P-pickupar kan monterast på ein T4P-platespelar, men dei kan og monterast på vanlege platespelarar via ein liten brakett.

Ideen var god: P-mount var “plug and play”. Alle pickupane etter denne standarden har same vekt og signalstyrke (output), og stifttrykket står fast på 1,25 gram. Ingen innstillingar! Pakk ut spelaren, legg på ei plate og trykk Play! Skulle nesten tru det var Steve Jobs som hadde konstruert han. Sjølv om P-mount spelarar ikkje nødvendigvis har det beste ryktet mellom audiofile, kan det gå mykje verre med ein dårleg satt opp og justert pickup på ein billeg spelar av vanleg type.

Med CD-spelaren sin innmarsj døydde platespelaren ut som ein dinosaur, i alle fall i høve til det omfanget dei eingong hadde. Den vanlege platespelaren har overlevd, men ikkje den med T4P-fatning. Det finst likevel mange i bruk, og det er framleis mogeleg å få tak i både stiftar og heile pickupar til dei. So kvifor ikkje? Eg har teke føre meg dei pickupane eg har til rådvelde til min Technics SL-7, og prøvd dei ut. Du har muligens ein slik spelar, evt. ein annan modell?

Sjølv har eg alltid ein Technics SL-7 i nærleiken, i tilfelle alt anna sviktar. Han tek liten plass og er rask å kopla opp. Det er lynkjapt å byta pickup. Berre ein skrue er skrudd inn frå sida for å låsa pickupen fast. Skru denne ut til han ikkje vil lenger (ikkje heilt ut), då kan du nappa pickupen ut og setja inn ein ny. Og det er ingen grunn til å rynke på nasa av desse pickupane. Eg veddar på at dei fleste P-mount pickupane er identiske med dei vanlege, berre med ei anna organisering av pinnane på baksida til montering, sjølv om dei vanlege ofte er tilgjengeleg med endå finere nålesliping. Og dyrare modellar. Men me snakkar ikkje high-end. Me snakkar om smarte, enkle spelarar som heile familien kan bruka, og som eg sjølv stundom nyttar når alt anna er berre rot og kaos.

Særskilt aktuelle modellar for seriøs avspeling av LP-plater er etter mi meining Technics SL-7 og -10. Det finst mange andre, både frå Technics og elles. SL-7 og -10, som eg veit mest om, er praktisk tala identiske. Begge er direktedrivne, og SL-7 er faktisk tyngre enn -10. Men -10 er utstyrt med MC-pickup og innebygd step-up, og difor dyrare. SL-7 kom seinare og har eit litt anna design. SL-10 kan naturlegvis og utstyrast med MM-pu, her er utvalet større. Berre ikkje trykk inn MC-knappen om du vil unngå å søla ut heile kaffikoppen, for då kopler du inn 20dB ekstra gain....

Les heile dagbokartikkelen i Audiophile.no

SAD-1124 (8 of 8).jpg
 

Kommentarer

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
1.302
Link til alle artikler
494
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
600-serie - Nye flaggskipforsterkere fra Mark Levinson

600-serie - Nye flaggskipforsterkere fra Mark Levinson

  • 0
Den amerikanske HighEnd-produsenten Mark Levinson har avduket en nye HighEnd-serie. 600-serien overtar stafettpinnen øverst i hierarkiet etter 500-serien, som til nå har vært det ypperste fra...
Fortsett
Audiophile.no
CLARITY 4.2 – Ny uvanlig stativmodell fra RADIANT ACOUSTICS

CLARITY 4.2 – Ny uvanlig stativmodell fra RADIANT ACOUSTICS

  • 5
I fjor lanserte Radiant Acoustics den oppsiktsvekkende stativhøyttaleren Clarity 6.2. Nå kommer en enda mer oppsiktsvekkende lillebror, med modellbenevnelsen Clarity 4.2. Det vil si – det er...
Fortsett
Audiophile.no
TEST: Marantz Model M1- Varulv i lammeklær

TEST: Marantz Model M1- Varulv i lammeklær

  • 0
Marantz Model M1 ble lansert for et år siden sammen med storebror Model M4. Vi har hatt Model M1 på en grundig test sammen med stativhøyttalerne Polk R200. I slutten av mai lanserte Marantz den...
Fortsett
Audiophile.no
HARMAN kjøper Sound United, med B&W, Denon og Marantz

HARMAN kjøper Sound United, med B&W, Denon og Marantz

  • 5
HARMAN har i går lagt ut en melding om at de kjøper Sound United fra Masimo Corporation for 350 Mill. USD. I pressemeldingen er det positivt bekreftet at overdragelsen inkluderer merkene Bowers &...
Fortsett
Audiophile.no
Qobuz Connect er født. Og gjett hvor...

Qobuz Connect er født. Og gjett hvor...

  • 14
I går dukket det opp meldinger om at Qobuz Connect var født. I første omgang var det iOS-apper som var tilgodesett, men med løfte om snarlig oppdatering også for Android. Den oppdateringen kom i...
Fortsett
Audiophile.no
Kan du SJÅ lyd? - Stig Arne si dagbok mars 2025

Kan du SJÅ lyd? - Stig Arne si dagbok mars 2025

  • 6
Ikkje for å klaga, men det har vore mykje skriving i det siste. Platemelding, Oslo-messa, februardagboka, Vossa Jazz to reportasjar, og brått er det tid for dagbok att. Og inn i mellom vert ein...
Fortsett
Topp Bunn