Det er ikkje noko enkelt svar på dette. Rørtyper må brukast i ulike konstruksjonar, og dei vil ha varierande karakter alt etter korleis dei brukast i forsterkaren. Ei direkte samanlikning ville ikkje bli enkel. Forsterkarar som er laga på same måte (til dømes ultralineære konstruksjonar med to utgangsrør) vil ha svært varierande utgangseffekt mellom ulike pentoder. Så har vi trioder, og rør som brukast som trioder, klasse A-konstruksjonar, forsterkarar med mange utgangsrør...
Men det finnest nokre tommelfingerreglar, som folk her inne har mykje erfaring med. Eg har vore mest opptatt av konstruksjonar rundt EL 34 og 6550/KT88. Skilnaden på desse har gjerne vore at 6550-konstruksjonane har vore generelt noko kraftigare, og hatt meir nøytral klangbalanse. Men det finnest fleire variasjonar rundt EL34 enn 6550 når det gjeld klangbalanse, så for den eksperimentlystne kan det vere veldig greitt å leike seg med ein EL34-konstruksjon. (røra kan også vere noko billegare enn dyre 6550 eller KT88) Ein god 6550-konstruksjon med to utgangsrør pr kanal leverer gjerne 60-80 Watt, der ein EL34 leverer 40-50, og ein EL88 10-15 Watt. 300B-røra brukast på ein annan måte om ein skal gjere ting optimalt (etter det dei fleste entusiastar seier), og leverer då færre Watt enn eg har fingrar. Og utgangseffekten vil vere avgjerande for kva høgtalarar du kan bruke (eg slit med å finne ein optimal røreffektforsterkar for tida, sidan høgtalarane eg no har i hus spelar 82 dB/W. Då nyttar det ikkje med to rør, iallfall ikkje av dei vi finn i masseproduksjon. Og skal du ha ein forsterkar på 7 Watt, er nok horn det einaste rette. Valet mellom høgtalarkonstruksjon vil nok vere meir avgjerande for dei fleste sin totale lydkvalitet enn akkurat utgangsrørvalet - eller valet mellom rør og transistor, for den del....
Samstundes vil eg påstå at utgangsrøra er mindre avgjerande på klangbalansen enn dei små triodene som sit på effektforsterkaren sitt fyrste trinn, inngangen.
Men det er ei svært fasinerande verd, der ute mellom røra...