Kloss i ærverdige Tracteuren, lenge den einaste uterestauranten i Bergen, nøyaktigare i Jacobsfjorden 7, ligg ein høgst uvanleg “hifi-butikk”. Arve har alt vore der, og Radomir har vore oppe hjå Arve i Selje og levert utstyr til test. Det kan du lesa meir om under Arve sine artiklar/testar. Radomir eig og driv studioet saman med kona, begge frå Beograd i Serbia dessutan, og saman har dei to born, so langt, men kven veit kva dei kan finna på å laga til under neste nedstenging.
Med særs få hifi-produkt til sals, kan du neppe kalla dette ein ordinær hifi-butikk. Og det er det då heller ikkje. Eitt av vilkåra for å få leiga lokalet, som er ganske lite men innbydande, og dessutan relativt rimeleg å leiga, er at verksemda måtte vera knytt til handverk av eit eller anna slag. Og sidan Radomir er utdanna møbeldesignar frå Beograd, er hovudproduktet faktisk hifi-skåpet, som du ser på bilda. Og som ivrig hifi-entusiast, kva betre å fylle “racket” med enn stereo?
Radomir talar godt nok norsk til at me skjønar at han han har budd i Noreg i mange år. Dagjobben er i telekommunikasjonsbransjen, so studioet er ope normalt berre fredag og laurdag, eller etter avtale. Korleis Radomir enda opp i Noreg, sidan han ikkje er gift med ein bergensar? Av di han som barn og ungdom utvikla ein sterk fascinasjon for arktiske strok gjennom å lesa om polarheltane våre. Han ville sjekka Noreg før han reiste vidare for å vitja kusina si i Australia. Det er alltid ein grunn.....
Les heile artikkelen hos Audiophile.no