Har litt erfarng med Beverigde, som spreier lyden 180 grader, og det er nok framleis det beste lydbilde eg har høyrt, dessutan var høgtalarane ekstremt lettplasserte.
Til Heimekinoen min brukar eg Mirage Omnisat/Nanosat. Desse har sine frekvensmessige/klanglege manglar, men ein del føremoner også: Kjekkast er det at dei er vanvittig lettplasserte. Eg har hengt dei på veggen, i alt anna enn øyrehøgd, og det går aldeles utmerka, også til musikk.
mbl er eitt av dei merka eg har lyst til å utforske nærare, men prisen gjer at det neppe vert tilgjengeleg på den norske marknaden med det fyrste...