Dette var leitt, sjølv om det ikkje var veldig uventa
Eg har eigentleg ikkje noko forhold til vaksenbøkene hans (!!), men møtte Pelle og Proffen då eg hadde lese ut alt som var å finna av Hardyguttene. For ei forteljing, for eit språk og for ei verd: Den Oslobyen han skildra var like eksotisk som Bayport, sett frå eit vestnorsk byggjefelt, men uendeleg mykje meir spanande.
Kvil i fred, akkurat no passande nok skrive frå Sagene/Bjølsen.