Dersom du skal kjøpe klassikaren framfor nokon, Technis SL 1200, vert dette ein dyrare sak pga ikonstatus og arbeidshestkonstruksjon. Men du får like god lyd av ein av småbrørne SL 1300 - 1900, og mesteparten av dei andre Tecnhisspelarane utan reim. (Du kan løfte opp platetallerkenen og sjekke om det er reim). Pass berre på at spelaren ikkje er sarva, armen øydelagt eller noko sånt.
Det er mange som veit dette, så prisen på Technics er litt høg for ditt budsjett. Det er difor lurt å sjå på andre, tilsvarande japanske spelarar. Pioneer, Sony, Akai, alle kan prestere rimeleg og god lyd med litt småjobbing. Akilleshælen til slike spelarar er stort sett armen. Men nokre pickupar taklar desse armane veldig bra. Eg har brukt spesielt Denon-pickupar, men også Dynavector på slike med godt resultat. Då står det att å kjøpe ein riaa som kan fungere brukbart. Her er det mykje rart for tida, og eg er i grunnen ikkje oppdatert om dei heilt billege lenger. Men eg såg ein Creek på bruktbørsen til ein svært rimeleg pris, og den bør vere bra i seg sjølv, om han slepp å jobbe med ein altfor vanskeleg pickup. Musical Fidelity har også ei rimeleg utgåve som etter det eg høyrer frå kjente/kvalifiserte, er svært mykje for pengane, men igjen - hugs at pickupen må passe.
Så har vi ein del platespelararklassikarar som er rekna for å vere i ei anna klasse (noko som må seiast er tilfelle), som Micro-Seiki, Kenwood og Luxman. Ein svinegod ein som få veit om, er frå Coop-merket Sharp. Ikkje mange av dei, og latterleg billege i si tid. Liknar på Kenwood KD 500, og har like godt drivverk, men dårlegare arm.