Sumaren er her med fint ver over heile landet, men ingen ihuga audiofil tek ferie frå stereoanlegget av den grunn. Ikkje kan me visst reisa nokon stad heller, så me held oss framføre anlegget. Det har eg skrive litt om i dag.
Rett volum
Alle veit kor viktig det er med rett volum. Rotar du rundt i huset og ryddar, held du gjerne nivået lågt, for då er det ikkje musikken du konsentrerer deg om. Har du besøk, er det den gode samtalen som er viktig, og då er musikken berre ein dempa, men likevel viktig ingrediens i bakgrunnen, for å skapa den rette stemninga. Er det fest, startar det lågt, men me veit korleis det endar. Sit du åleine og “testar”, er all konsentrasjon retta mot musikken, og då spelar du høgt, om du ikkje bur i blokk. Har du besøk av audiofile eller musikkinteresserte vener, kan de gjerne lytta konsentrert til høg musikk heile kvelden. Slike vener er uvurderlige, særleg om dei har med seg ein påse med øl.
I testsamanhang veit alle som lever av å testa utstyr (om eg hadde fått betaling) kor viktig det er at to forsterkarar, om det er slike du samanliknar, spelar med same volum. Forsking syner klårt at den forsterkaren som spelar høgast vert føretrekt, og det skal ikkje mykje til, berre 0,1 dB. Skal du få dette rett, må du faktisk ha måleutstyr. Du må måla utgangsnivået på forsterkaren sine høgtalarterminalar. Du må mate lyd frå ei testplate eller eit program på datamaskina, om du nyttar denne som programkjelde. Det er tungvindt, og det er ikkje alltid....
Les heile aprildagboka i Audiophile.no