Det er mange faktorar som syter for kvaliteten til ein pickup.
Nålesliping er ein av dei, og tendensen er at dei meir avanserte slipingane er best, men det finnest unntak begge vegar. Dyre slipingar er gjerne også meir krevjande når det gjeld armval, og fleire Shibataslipingar vinn stort på å vere i ein ekstra lang arm. VdH likar seg veldig godt i tangentialarmar, har eg merka meg.
Talet på viklingar er også ganske viktig, meir usikker er eg når det gjeld materialet desse spolane er laga av. Eg har ikkje fått gjort direkte samanlkningar mellom gull- sølv og kopartråd, men Rudi har prøvd nokre pickupar som i hovudsak skiljer seg frå kvarandre på spolane, vinklingar og materiale. Eg har diverre ikkje fått diskutert dette med han så langt. Men eg trur at få viklingar er eit pluss. Det har med neste faktor å gjere:
Så har vi utgangssignalet frå pickupen. Når eg har hatt høve til å samanlikne low-medium-high-output frå MC-pickupkar (Benz, til dømes), er tendensen til at pickupversjonane med lågast utsignal er betre enn dei med fleire millivolt.. Men ein pickup med svært lågt output er ei utfordring til riaatrinnet,
Vekta av pickup, nålefane, og kor stiv denne er, er også faktorar som verkar sterkt inn, men det er vanskeleg å seie kva som er (mis)matching arm/pickup og kva som er eigenlyden til pickupen.
Eg tykkjer altså det er vanskeleg å gje gode råd om pickupar, spesielt utan å kjenne preferansane dine.