Der er vi enige, Arve, men når det er sagt....
Den første forklaringen du kom med måtte jeg tygge lenge på... Jeg forsto kort sagt ikke filla av hva du ville fram til. Mens CBA-forklaringen var åpenbar for meg!
Honkey

No brukar eg same forklaringsmodell som noverande læreverk, der utgangspunktet er at 1 t=60 min, og veksling/låning mellom time_minne må vere å låne 60 minutt.
Det er stor kunst å rekne. Vi tek masse for sjølvsagt, fyrst og framst fordi vi har automatisert mange "operasjonar".
Eit av dei beste døma på dette, er det desimalske talsystem. Dette tek vi utan unntak som sjølvsagt, og mange born gjer det same. Vi har lært oss posisjonssystemet, bruken av 0, og meistrar stort sett dei fire rekneartane automatisk.
Prøv å multiplisere eit par romartal med kvarandre, og du vil garantert få problem.
Eller kvifor ikkje to tal i det binære system?
2x5 = 10 i desimalsystemet vert til 10x101 = 1010, og 3x3 = 9 vert til 11x11=1001 binært.
(Inka-talsystemet var basert på 20 - veldig gøy å rekne med dette om du likar utfordringar).
Klokka er inndelt på ein annan måte, fyrst i 12, deretter i 60. Det skapar alltid problem for ein "desimalist".....
Læreplanane våre hadde tidlegare krav om kjennskap til romartalsystemet. Det ser ut som dette er borte frå matematikkpensum på mellomtrinnet, men vil nok verte medteke av gammal vane av somme lærarar, iallfall dei som ikkje får tilgong på nye lærebøker med det fyrste. Men det er relevant å trekkje romartala inn når vi jobbar med samfunnsfag/historie - greske og romerske samfunn er konkret nemnt i kompetansemåla i samfunnsfag for mellomtrinnet. Og då vil læraren måtte vurdere i kva grad romartala er relevante... (sit på jobb og kosar meg med årsplanane akkurat no - elevfri dag)