VPI hadde tidlegare (veit ikkje praksis i dag) to motorar. Den eine var tilpassa 230V, og var grei nok. Så hadde vi SDS. Dette er eit flott reiskap som gjer at du brukar 120V motorar. SDS leverer akkurat det motoren treng, uansett kva du har i veggen (vel, innanfor normal bruk) Eg trur SDS vil gjere ein kjempejobb med det meste av 120V platespelarar.
Det var eit kvalitetsmessig kjempehopp oppover då eg gjekk frå ein Scout med vanleg motor til SSM. No skuldast det sikkert fleire ting enn straumforsyninga, men eg vil likevel gå god for SDS.
(VPI hadde dessutan andre oppgraderingar som eg tok med då eg var i farten: Rimdrive, spesialtallerken, og så skifta eg arm. JMW-armane er ok, men relativt kresne når det gjeld pickupar. Tykte Dynavector matcha godt, medan det meste andre vart betre då eg tok overgang til Kuzma-arm)