Stort sett har eg hatt pickupar som har vore brukte jamnt. Dei held med svært få unntak iallfall 1200 - 1500 timar utan særleg reduksjon av kvalitetane. Men nokre pickupar eg har ynskt å spare på, har avgrensingar i levetid som går på aldring, truleg av gummiopphenget, men for det eg veit, kan det også vere andre faktorar som spelar inn.
Gamle MM-pickupar kan det berre skiftast stift på. Og den kjende Shure V15 II eg fekk låne av Kjell_B, hadde m.a. ei NOS-nål som var skikkeleg gammal. Utan at eg spurte, var ho nok godt over 30 år gammal.
http://www.audiophile.no/?did=9075796.
Men så gammal gummi er ikkje å lite på (!) Min gamle Grace F9E hadde ei nål som var køyrd kanskje 5 - 600 timar, og denne sparte eg på i mange år. Så fekk eg tak i ei ny nål, annan type. Denne spelte "uendeleg" mykje betre enn E-utgåva, såpass mykje betre at eg ikkje kunne skjøne att E i det heile var interessant for meg, sjølv om eg sikkert har endra smak på dei 25 åra som har gått sidan eg var gira på F9E. Eg har såleis ikkje våga å skrive omtale av den nye nåla, anna enn å tilrå innkjøp. Ei direkte samanlikning med E-utgåva sine opprinnelege kvalitetar, vil ikkje skje, nettopp pga aldringa E-stiftar no har. Men den blanke, nye utgåva er berre heilt fantastisk. Altså er det ingen aldringsproblem i Grace F9 pickupen, berre i nåla/opphenget. Eg har også vore bort i å skifte nål på billegare pickupar med stort hell, så her kan du nok gå ut frå at du godt kan bruke eldegamle pickupar, berre du har god nål til dei.
MC-pickpar må leverast inn til ombygging om du skal bytte oppheng. Eg har stort sett tynt mine Denon, VdH, Ortofon, Dynavector m.m. "til siste trevl". Ved ombygging endrar dei karakter, men det er litt vanskeleg å vurdere om dei går tilbake til det opprinnelege, eller om ombygginga skapar noko fullstendig nytt. Iallfall er det svært stor skilnad på ein mc-pickup sine lydlege kvalitetar i sin "livskveld", mot ein rehab-pickup. Likevel, dei fleste pickupar kan godt fornyast, sjølv om dei vert litt annleis av ei ombygging enn det konstruktøren opprinneleg hadde fått til.
Eg vil tru at temperatur og fukt er to faktorar som spelar inn på gummiopphenget. Iallfall gjer temperatur det når du spelar musikk (prøv ein god MC-pickup i ei iskald - og då meiner eg 5- 6 grader - stove, så skjønar du kva eg meiner). Pickupar skal ha romtemperatur.