Kanskje litt på sida av hobbyen vår, men no treng eg gode, ikkje for dyre, råd om lyd.
Eg er innkalla til 17.maikomiteen, og har fått ansvar for å skaffe eit godt lydanlegg. Kriteria er mange, og budsjettet stramt. Dei har 17000 som kan brukast. Og det er grunnlag for at dette kan verte utan moms (donasjon til skulen, som har fritak). Andre moment som er svært viktige:
1. Prioritet - Til tale utandørs. Må spreie lyden i stor folkemengde (7-800) 70-80 meter unna talestolen. Tremgs truleg to eller tre høgtalarar og lang kabel. Mono er ok.
2. Prioritet - Robust. Må tåle regn og etter måten røff bruk av ukunnige amatørar.
3. prioritet - Lettvint pakking og transport.
4. prioritet - greitt til andre oppgåver innandørs som skule, basarar, litt (ikkje for krevjande) musikk.
Tips mottakast med takk.