Det der er visst litt trøblete, om eg hugsar fyrste sesong av The Crown rett.
Eg trur svaret kanskje er nei. Huset Windsor har eit heraldisk merke, som ikkje er heilt eit våpenskjold, men Elizabeths mannlege etterkomarar kan (teoretisk) bruka det danske og det greske kongelege våpenskjoldet. Det er eit "Coat of Arms" for monarken av Storbritannia, men det vert ikkje arva på same måte. Det er våpenskjold som følgjer funksjonen, ikkje dynastiet.
Huset Windsor er uansett moderne konstruksjon, først fordi huset «Saxe-Coburg og Gotha» var unasjonalt under 1. verdskrigen, og dinest fordi det var vanskeleg for Elizabeth at ho (eller iallfall, etterkomarane hennar) skulle representera huset Mountbatten.
Det er jo (eit lite plaster på såret) difor prins Andrew vert «Andrew Mountbatten-Windsor». Sjølv om kong Charles sikkert skulle sett at han fekk etternamnet «Smith» i staden og ein hybel i Leeds.
Sikkert mykje feil i overnemnde, men eg trur det hovudsakleg er slik.
Sorry for avsporinga.