Der, eller snarare i går, gav min Invecta 40.5 mm submariner (malaysisk-produsert NH35A-urverk) opp anden. Berre bom stopp, plutseleg.
Tror fastlegen min har en sånn...
www.hifisentralen.no
Levetida vart grovt rekna halvanna år. Dagsprisen for eksperimentet må seiast å ha vore låg. Ei av årsakene til det tidlege samanbrotet er sannsynlegvis at automatikken braut saman etter at klokka fekk seg eit smell mot badegolvet og at ho har vore trekt manuelt sidan.
Oppsummering i stikkordsform:
På parameter «eigarglede» skåra klokka lågt. Eg visste at dette var billig, masseprodusert ræl, og det påverka nok gleda av å gå med henne. Ikkje var ho særleg robust, heller, langt mindre robust enn td. ein gjennomsnitteleg mobiltelefon.
Etter nokre månader var likevel presisjonen ganske grei, og når eg slutta å stressa over dagsavvik utlikna +/- seg ganske fint. Ho
fungerte med andre ord heilt fint som tidsmålar i dagleglivet.
Lenkje og sjølve huset sat så greitt på handa mi at eg sterkt vurderer å prøva å byta utverk ein dag.
Ny klokke:
Eg må jo ha ny klokke (jf. tittel), merkar allereie no at det er eitkvart som manglar på venstre handleddet.
Budsjettet er for tida så skralt at det som eigentleg er favorittane, Seiko Presage eller Hamilton (veldig ulike klokker, eg veit det) sannsynlegvis utgår. Iallfall på denne sida av jol. Vi står også over Finanzplatzuhr, Nomos Tangente og andre interessante ting frå Tyskland i denne omgangen.
Eg har merkt meg merket
Orient. Dei er ein del av den store Epson/Seiko-familien, men etter det eg forstår er framleis innmaten «inhouse», eller iallfall ikkje berre Seiko med annan logo. Modellen
Bambino har eit fint, enkelt design og måler ned på 38 mm. Er det nokon som er kjende med kvaliteten på desse? Automatikk, og det vil eg gjerne ha.
Vis vedlegget 1149183
Alternativet er sjølvsagt å gå tilbake til quartz. Då er det berre å velja og vraka.