Audiophile-Arve
Æresmedlem
Eg beit meg merke i siste innlegget til Asbjørn på den alltid kontroversielle Kabelavdelinga:
"Den delen vi forstår best er den tekniske, fra innspillingen til lydbølgene treffer trommehinnen. Den delen vi forstår minst er hvilke følelser og assosiasjoner dette driver i den mottakende hjernen og hvordan dette kommer opp i bevisstheten."
Er det ikkje rart at ein etter kvart har kome så langt at målingar ikkje lenger er gode nok? Eg hugsar då Electrocompaniet kom med forsterkaren sin, etter at Per Abrahamsen hadde høyrt ei førelesning av finske Matti Ottala, om den såkalla TIM-vrenginga, og korleis ein skulle forholde seg til denne. Vips, så lagde Per verdas beste forsterkar... Var dette siste gongen vi kunne måle oss fram til eit bra resultat?
Eg trur at måling er vanskeleg å bruke som fasit, men som eit godt utgangspunkt, for å eliminere dårlege idear og komponentar. Men det er lettare å påvise at noko er dårleg gjennom måling, enn å kåre noko til toppkarakter. Då må det lytting til, og det er då Asbjørn har eit så svært vesentleg poeng - kjenslene, assosiasjonane, kva skjer i hjernen og i (under?)medvitet. På Sentralen har vi ein del aktørar med djup teknisk innsikt. Desse er ofte på bana (og får gjerne tyn for det, sjølv tykkjer eg det er svært interessant å lese innlegga deira, sjølv om eg dett av lasset rett som det er),
Men kvar er psykologane? Eg veit vi har fagfolk på dette feltet i våre rekker. Vi har sikkert også medesinarar med øyre-nase-hals-kompetanse. Kan dei vite noko som ikkje er framme i debatten? Og kvar er musikarane? Rett nok kjenner vi dei som sendarar, men kva når desse er i rolla som mottakarar?