Frå annan tråd, tek denne her fordi det er lite Russland-spesifikt:
Høgre er ombord i ein plan som vart tenkt rundt kommunevalet 2023, då Høgre var det suverent største partiet, FrP på veg opp (det er ikkje første gongen dei har vore så store som no, det var dei også rundt 2010) og både Ap og Sp på veg ned.
Premisset i den planen: at partiet har (minst) fire veldig dyktige unge/middels unge politikarar, men ingen av dei har/hadde autoritet nok til å vera ein samlande partileiar og statsministerkandidat (kanskje Søreide, men ho er kanskje for sam.pol.-nerd til å vera statsminister).
Altså skulle Erna, både av eigen vilje og til hjelp for Høgre, vera bauta, statsministerkandidat og garantist for stabil borgarleg styring. Dei andre skulle få spelerom til å markera seg, og eit byte av partileiar kunne skje i ro og mak(t) fram mot 2029. Den planen var så god (gjeve oppslutnad) at H bestemte seg for å ikkje endra på noko då Finnes-saka slo inn, rett etter kommunevalet 2023. Umiddelbart såg ikkje saka ut til å gje utslag på meiningsmålingane, og doxa er at slike skandalar går over.
No (sumaren 2025) er saka stein daud. Det ho gjorde var å ta Erna bort frå rolla som «opposisjonsleiar». Frå å vera bauta vart ho heilt usynleg, ikkje berre tilbaketrekt. Det var sikkert planlagt at ho skulle gje rom til NK-ane, men dei kunne ikkje ta all den plassen. I staden fekk Frp/Listhaug plass. Og det var vanskeleg for henne å få tilbake i ein posisjon der ho hadde (eigarskap til) noka anna sak enn at ho vil verta statsminister til hausten. Det er ein posisjon som er lettare å ta når du har over tretti prosent oppslutnad enn når du har under tjue.
Ap fekk også merksemd, i negativ forstand (Giske og andre kupp-makarar). Så gjorde Støre ein politisk manøver nesten teke ut House of Cards: kasta ut Sp/Vedum, fekk Stoltenberg attende og lanserte politiske løysingar. Det er slik ein statsminister kan gjera for å få media, men som ikkje er like lett for ein mindretalsopposisjon. Rett nok går ikkje alt like bra. Skatteforliket til Stoltenberg vart kjapt skote ned, og matvarepris-utspelet nyleg var ikkje veldig spenstig. Men Norgespris ser ut til å gå gjennom, og utanrikspolitisk går det jo også greitt, ser det ut som.
(I tillegg ser det ut som om kampanjane mot formueskatt, lakseskatt og exit-skatt meir eller mindre har fisla ut i sanden. Vipps. Kvar i all verda vart det av dei?)
I retrospekt. Det beste for Høgre hadde vore om Erna gjekk tvert i 2023. Då kunne ein av dei andre teke over, og vore «opposisjonsleiar» no (sannsynlegvis Bru: Frølich har -ch i etternamnet og ser ut som han handlar kleda sine på Savile Row og køyrer e-type, Asheim har for Oslo Vest-vibbar og Søreide har nok mest lyst til å vera utanriksminister att).
Så eg må gje @Mar-a-Lago Club litt rett, sjølv om eg protesterte då ha sa "Finnes" for ei lita stund sidan.
Eg trur, eller: tippar. Om det ser ut som eg vinglar, er det fordi eg skiftar meining.Erna er mer og mer en klamp om foten for Høyre.

Valgforskere skjønner ikke Høyres dårlige oppslutning. ¿Que? Erna/Sindre.
Sist redigert: