Absolutt, men han er nær på same generasjon som Solberg. 60 år i 2025. Det kan nok vera eit kompromiss, men han er ikkje framtida. I beste fall ein som kan stå i eit skuffande (for H) val og gjera det beste ut av det.
@Pink_Panther Heilt sant at Isaksen hadde vore den mest lovande, men han er trass alt (og har vore det sidan han var med på å sparka liv i Minerva att) meir ein tenkjar, ideolog og skribent. Som politikar imponerte han meg ikkje så veldig. Litt handlekraft, rett nok: Han var jo mannen bak UH-strukturreforma, som i mine augo er eit nesten like stort vas som kommunereforma.
Eg trur analysen er rett, både i Ap og H manglar dei klare leiarkandidatar. Dei som var, står stort sett på sidelinja.