Audiophile-Arve
Æresmedlem
Er nok meir heimeføing i matvegen (kom på ei stor matoppleving no: hadde tatt med eit rømebeger og ein lauk i ryggsekken. Eg og ein kamerat fekk ein svær aure i eit fjellvatn på seinsommaren. Vi åt oss stappmette, pakka saman, og gjekk rett på ei sprengfull moltemyr, der vi plukka i tallerkane, hadde på resten av røma, og åt oss endå meir stappmette. Så rulla vi ned bakkane, og for heim) - sjølv om det er moro å smake ymse rart andre stadar også.
Reiser gjev alltid høve til å finne noko godt og eksotisk. Minstejenta sin favoritt er Wok frå Wok-hut i Porto, i same varehuset som IKEA held til i der. Vanvittig godt, hevdar ho. Og så likar ho brasiliansk grillspidd med ananas og biffbitar servert på hjørnerestauranten øvst oppe i Forum i Coimbra. I sentrum av gamlebyen finn du min portugisiske kjøtfavoritt: i ei litt snuskete bakgate med kinabutikkar og ymse rart finn du ein pattegris utstilt i vindauget. Og der inne serverer dei berre ein rett....Ah!