Å nytta røyrforsterkarar til å driva Martin Logan er ikkje ideelt. Røyrforsterkarar har høg utgangsimpednas, så dei har ein utgangstrafo for å redusera utgangsimpedansen. Elektrostatar som Martin Logan, Quad, etc. har innehygd trafo for å auka drivespenninga (til nokre kV); desse vil samstundes auka impedansen. Så ein ender opp med ein trafo i forsterkaren som transformerer ned spenninga (reduserer impedansen), pluss ein trafo i høgtalarane som transformerer opp (aukar impedansen). Transformatorar har ein jarnkjerne, som er ulineær og difor genererer forvrengning. Stax hørlurar er direktekopla, utan trafo, så i denne samanhengen er ikkje røyrforsterkarar like problematiske som i samband med høgtalarar. Ein kunne sjølvsagt bygga ein direktekopla røyrforsterkar for ELS-høgtalarar, men det er ikkje heilt ufarleg når ein skal ha spenninagr på nokre Kv. Eg meiner å hugsa at Quad 57 har ei polariseringsspenning på ca. 6 Kv på basspanela, så da ender ein opp med drivespenningar på fleire kV. Det har rett nok vore produsert elektrostathøgtalarar med innebygde direktekopla røyrforsterkarar, som til dømes Acoustat X og Beveridge. Det finst òg dei som har bygd direktekopla røyrforsterkarar sjølva [1][2], men ein bør ha teke i ein loddebolt før om ein skal gå i gang med eit slikt prosjekt.
Referansar
[1] D.P. Hermeyer, Electrostatic amplifier mark 2, The Audio Amateur, nr. 3 1973, ss. 8-10,26.
[2] D.P. Hermeyer, A high efficiency electrostatic loudspeaker system: Part 2, The Audio Amateur, nr. 3 1977, ss. 8-14.