Eg trur ein skal leite lenge om ein skal finne forbrukarrapporten for audiofile. Dette er like utopisk som tilsvarande for andre hobbyar. Du kan måle visse ting, men den endelege kvalitetsopplevinga er sterkt subjektiv uansett. Når ein skribent eller eit blad held det gåande ei tid, flaggast ei spesiell retning, eit verdisyn eller rett og slett den subjektive smaken. Etter kvart vil ein erfaren lesar bygge seg opp eit inntrykk av det som skrivast, og ta det meste av den aktuelle "audiofile sosiolekten" med så mange klyper salt som trengs.
Eg har lese Watt sidan det kom ut, til liks med fleire andre hifiblad. Eg tykkjer det legg seg ganske fornuftig innan norsk hifipresse, og har få alvorlege negative kommentarar. Sjølvsagt er ikkje alt like bra, men her leggjast ei linje med spennande heimebesøk, nokre av dei betre innan sjangeren. Ein del produkt er "kjedelege", andre interessante. Nokre skribentar kjenner eg godt, andre er nye, så det må påreknast litt tid før ein kan sjå kva plattform dei er på.
Reklamemomentet er like viktig her som andre stadar - dersom bladet ikkje har inntekter, går det inn (sjå gamle The Audio Critic - glimrande journalistikk, men forlengst nedlagt. Digresjon:
The Audio Critic ). Uansett serverast ALL hifijournalistikk med dette garnityret - så litt mental ketcup er nødvendig for å piffe opp smaken.
Men om nokon vil sørge for å skaffe testprodukt og inntekter til eit kritisk magasin, kan eg godt vere med på skrivinga....