Laptop med ARM eller RISC V - tips?

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
6.951
Antall liker
7.718
Sted
Market Snodsbury
Techies, eg treng litt orientering.

TL;DR: Tips til Linux-venleg laptop med ARM el RISC-V som køyrer stock Ubuntu eller Debian.

Kontekst

Eg er i utgangspunktet ein sånn Unix-person, og meir spesifikt Linux > Debian/Ubuntu. Det betyr ikkje så veldig mykje lenger. Dei siste åra har eg sagt meg nøgd med å køyra Windows 10/11 levert av jobben, og installert verktøy eg føretrekkjer, til dømes GNU Emacs (Vincent Goulets emacs-modified), LaTeX (TeXLive), pandoc, ImageMagic, ffmpeg/flac, Ghostscript og Python (dessutan PuTTY og SumatraPDF). PowerShell er litt tungvindt i praktisk bruk jf. med bash, men eg må vedgå at det er eit kraftig verktøy.

Dessutan ligg det i jobben min at eg må lesa, og delvis levera Word-filer, og bruka Teams og Outlook. Alt dette er forsåvidt tilgjengeleg via ymse webløysingar, men også mange webløysingar eg bruker er automagisk knytta til pålogginga mi (dei funkar utanfor, men med eit evig mas om autentisering). Det har altså vore ei grei avveiing å bruka jobbmaskina (særleg sidan eg har hatt ei "spesielt fri og uavhengig" stilling i UH-sektoren).

No har jobben (som uansett er ferdig om ca. 10 mnd) sett i verk stadig meir drakoniske nedstrengingar, og eg må etter kvart kjøpa meg ein ny laptop privat. Hrmf. Det har eg ikkje gjort på 15 år (nesten sant: Eg kjøpte ein brukt Thinkpad X230 for 10 år sidan). Bonus: Undersøking og orientering er litt gøy.

Spec

Eg misliker intellektuelt x86-64-arkitekturen. Eg ønskjer med difor ei maskin som køyrer anten på ARM eller RISC-V-prosessor, og med bootloader som greitt lar meg køyra og installera Linux (stock Ubuntu eller Debian).

Utover det må maskina ha
- 8 (helst 16) GB minne
- 256 (helst 512GB) disk, NVMe
- 13-15" 1920x1080-skjerm
- helst moderat kraftig skjermkort, iallfall nok til å visa 1080p video utan å mukka
- eit par USB-portar
- kan leva med både US og internasjonalt tastatur, men føretrekkjer det siste

Etter det eg har funne, er alternativa Pinetree Pro (ARM, out-of-stock), DC-ROMA (RISC V Spacemit K1/RVA22, out-of-stock) og Musebook (RISC V Spacemit M1/RVA22, litt dyr). Alle er "eksperimentelle", AI-fokuserte (DeepComputing) og selde frå HK/Kina. Hadde kraftig føretrekt eit europeisk alternativ, men det kan eg nok skyta ei kvit pil etter.

Eg ser at Ubuntu har flytta RISC-V-bygga sine (i utviklingsversjonen) frå RVA20 til RVA23, så eg reknar med at eg eigentleg bør venta til det kjem nye versjonar av overnemnde med RVA23. Spacemit har allereie presentert K3. Eg trur Debian framleis er på RVA20.

Apple er sjølvsagt eit ARM-alternativ, og OSX har eit fint Unix (BSD-basert)-userland. Eg har hatt fleire maskiner frå Apple gjennom tidene, og vore veldig nøgd. Men det kjenst litt bakvend (og, ikkje minst, dyrt) når eg ikkje har så lyst til å bu i Apple-universet.


Så, folkens, om det er nokon som har tips, hint, vink, synspunkt eller erfaringar (det siste er å føretrekkja): på førehand takk! :11





Elles har eg litt sans for laptop-ane frå frame.work

 
Sist redigert:

PeriodeLytter

Hi-Fi freak
Ble medlem
26.02.2013
Innlegg
5.048
Antall liker
5.118
Om du ikke skal reise med laptop'n kan muligens WSL kombinert med RDP på jobbPC'n mot en RPi5* gjøre lignende du har linket? Og senere når dagens laptop leveres i retur plukke opp en Chromebook som RDP klient.

*) RPi er montert på Sony sin fabrikk i England. Coretex A76 opp til 16GB, enkel PCI linje for SSD via kablet HAT.
 

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
6.951
Antall liker
7.718
Sted
Market Snodsbury
Takk, @PeriodeLytter, det er slett ingen dum idé. Eg tek han med meg.

Headless RPi5 hadde, dersom eg kunne kopla til skikkeleg disk og PSU, uansett vore veldig nyttig. Eg er litt usikker på responsiviteten i praktisk bruk over RDP, men det aller meste kunne jo vore gjort over ssh; då er det ikkje så himla viktig kva eg sit på.

Kanskje det er litt dumt å leggja for mykje vekt på at terminalen skal køyra på ARM eller RISC-V; det ser ut som om det definitivt ikkje er vits å satsa på RISC-V før iallfall medio 2026. Tygg litt vidare.
 

pelsjeger

Overivrig entusiast
Ble medlem
27.04.2004
Innlegg
1.061
Antall liker
1.604
Torget vurderinger
4
Sært 🙂

Jeg har alltid hatt veldig gode erfaringer med Lenovo og Apple, mens Dell har vært mer lunefull (spesielt de bygget på XPS-plattformen: varme, støy, svellende batteri og en kollegas som tok fyr/ begynte å brenne!)
Lattitude har jeg alltid opplevd som solide.
Alle disse er enkle å få tak i pga volum, og godt apparat for reservedeler.
Så mitt råd, ikke vandre så langt ut i frynsene om du vil ha noe du kan stole på. Spådom: RISC er ikke modent nok innen et halvår til at det er verdt frustrasjonen det medfører.

Ta dette fra synspunktet til en som jobber i UI/ 365-universet men dabbler «mot den andre siden» når de andre ikke ser 😉

Lanserer dermed alternativene:

ThinkPad T14s Gen 6 Snapdragon

Ja

• Beste tastatur + TrackPoint
• Fingerprint + IR (funker Linux)
• SSD/batteri byttes selv
• Tåler juling (MIL-STD-810H)
• Masse porter, ingen dongle
• Stock Ubuntu/Debian ARM64
• NPU - 45 TOPS - ingen full NPU-driver ennå for Linux
• 5G/4G WWAN-opsjon (eSIM + fysisk SIM)
• Batteri 20–33 timer
• Billig brukt: 9–12 000 kr (32/512 GB)

NEI
• RAM loddet
• Viftestøy (antar marginalt på snapdragon)
• x86-emulering treg

MacBook Air M4

JA

• Batteri 15–18 timer
• Touch ID
• Vifteløs
• Knallskjerm og byggekvalitet
• Homebrew = alt du «trenger»
• GPU+NPU kraft tilstrekkelig for små AI loads

NEI
• Flatt tastatur
• Bare 2x USB-C
• Alt loddet
• Dyrt å reparere
• Varm under load
• 18–20 000 kr
• Låst til macOS (enn så lenge)

Dell Latitude 7455 Snapdragon

JA

• Fingerprint + IR-kamera (funker Linux)
• 5G/4G WWAN-opsjon (eSIM + fysisk SIM)
• MIL-STD-810H (tåler juling, støv, fall)
• Porter: USB-A + HDMI + 2x USB-C (ingen dongle)
• NPU - 45 TOPS - ingen full NPU-driver ennå for Linux
• SSD byttes selv
• Stock Ubuntu/Debian ARM64 (Dell støtter offisielt)
• Batteri opptil 22–25 timer
• Tastatur nesten ThinkPad-nivå

NEI
• RAM loddet (velg 32 GB med én gang)
• 1,4 kg (tyngre enn T14s/MacBook)
• Vifte bråker litt under last
• Dyr ny (22–26 000 kr), refurbished sjeldne ennå
 

pelsjeger

Overivrig entusiast
Ble medlem
27.04.2004
Innlegg
1.061
Antall liker
1.604
Torget vurderinger
4
Om alternativene over ikke treffer på pris fant jeg en
HP OmniBook X 14 Snap-12C/16/1024 14" Copilot+ PC
Snapdragon X Elite prosessor
16 GB RAM
1024 GB SSD lagring
14" Touchskjerm i 2240x1400

Kjøpt i oktober for å ta digitale notater med, men selger fordi det viser seg at den ikke støtter penn.
Ellers god stand, og ingen preg av bruk


På Finn nå for 7500,- det må jo være en bra deal.
 

HC

Hi-Fi freak
Ble medlem
02.05.2002
Innlegg
4.497
Antall liker
3.360
Torget vurderinger
18
Til den bruk du skisserer så sier jeg Macbook, uten skygge av tvil. Den eneste (og kanskje store) ulempen er pris. Jeg jobber innen IT og gjør endel koding + mye ops, og Mac er det suverent beste og enkleste verktøyet. Ser helt klart greia med å ikke låse seg helt til Apple, og har selv kun Mac (ikke Iphone eller Iwatch). Kolleger rister på hode av det, mener jeg går glipp av synergier.
 

nma

Hi-Fi freak
Ble medlem
07.12.2003
Innlegg
4.799
Antall liker
585
Torget vurderinger
1
Du kan kjøre Fedora Asahi Remix eller Asahi Ubuntu mm. på M1 og M2 MacBook Air/Pro.
Ikke i VM men native.

Pass på at du kjøper en med minst 16GB ram om du kjøper brukt. (M3/M4/M5 er ikke støttet enda, men M1/M2-støtten er veldig god men ikke komplett. Google selv. )
 

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
6.951
Antall liker
7.718
Sted
Market Snodsbury
Takk, folkens. :11 Veldig mykje god input her.

Eg noterer at RISC-V kjem til å vera «eksperimentelt» fram til minst 2027, sjølv om utviklinga definitivt ser ut til å ha momentum no. Dei realistiske alternativa ser ut til å vera anten (HP, Dell, Lenovo) med Snapdragon Elite-prosessor, eller ein eldre Apple MacBook med M1 el M2.

Prinsippet bak ideen til @PeriodeLytter (RDP til RPi) er godt. Eg liker ideen om å avlasta konsoll/terminal, og køyra ikkje-interaktive, prosessorintensive oppgåver over nett.¹ TeX, td, er det liten logisk grunn til å køyra lokalt. Likevel er det i praksis ofte betre arbeidsflyt når ting køyrer heilt lokalt. Litt på same måte som det er uggent å arbeida primært i VM.

Eg har vore veldig, veldig fornøgd med alt eg har arbeidd på av Apple-maskiner. Eg har også vore rimeleg nøgd med OSX: det har vore ganske greitt å få eit komplett GNU/BSD-userland. Eg tek høgde for at eg er litt utdatert; eg har ikkje brukt det skikkeleg sidan om lag 2015. For å vera ærleg: på ein (god) del felt er også OSX eit betre brukarmiljø enn GUIs som er tilgjengelege under Linux.

Var veldig glad i ThinkPad tidlegare (inkl. X230, som er veldig lett å byta ting og tang på), men er litt meir skeptisk til det eg har sett av nyare Lenovo (men det eg har sett har vore i uinspirerte prisklasser). Eg har brukt Dell Precision-maskiner der eg har vore lamslått av kvaliteten, og Latitude har også slått meg som heilt greie. XPS har eg aldri brukt.

¹ Eg hugsar enno den fantastiske kjensla då eg på ungdomsskulen fekk ha arbeidsveke på Institutt for informatikk (UIB) og vart plassert på eit kott med ein X terminal, og hadde ein stabel SunOS-maskiner «at my fingertips», eller, for den del, kopla meg til maskiner i heile verda i verda via pre-WWW Internet. Eg trur det må ha vore i 1991, og det var å få framtida midt i fleisen. Ei framtid som aldri heilt vart, kanskje.
 
Topp Bunn