Techies, eg treng litt orientering.
TL;DR: Tips til Linux-venleg laptop med ARM el RISC-V som køyrer stock Ubuntu eller Debian.
Kontekst
Eg er i utgangspunktet ein sånn Unix-person, og meir spesifikt Linux > Debian/Ubuntu. Det betyr ikkje så veldig mykje lenger. Dei siste åra har eg sagt meg nøgd med å køyra Windows 10/11 levert av jobben, og installert verktøy eg føretrekkjer, til dømes GNU Emacs (Vincent Goulets emacs-modified), LaTeX (TeXLive), pandoc, ImageMagic, ffmpeg/flac, Ghostscript og Python (dessutan PuTTY og SumatraPDF). PowerShell er litt tungvindt i praktisk bruk jf. med bash, men eg må vedgå at det er eit kraftig verktøy.
Dessutan ligg det i jobben min at eg må lesa, og delvis levera Word-filer, og bruka Teams og Outlook. Alt dette er forsåvidt tilgjengeleg via ymse webløysingar, men også mange webløysingar eg bruker er automagisk knytta til pålogginga mi (dei funkar utanfor, men med eit evig mas om autentisering). Det har altså vore ei grei avveiing å bruka jobbmaskina (særleg sidan eg har hatt ei "spesielt fri og uavhengig" stilling i UH-sektoren).
No har jobben (som uansett er ferdig om ca. 10 mnd) sett i verk stadig meir drakoniske nedstrengingar, og eg må etter kvart kjøpa meg ein ny laptop privat. Hrmf. Det har eg ikkje gjort på 15 år (nesten sant: Eg kjøpte ein brukt Thinkpad X230 for 10 år sidan). Bonus: Undersøking og orientering er litt gøy.
Spec
Eg misliker intellektuelt x86-64-arkitekturen. Eg ønskjer med difor ei maskin som køyrer anten på ARM eller RISC-V-prosessor, og med bootloader som greitt lar meg køyra og installera Linux (stock Ubuntu eller Debian).
Utover det må maskina ha
- 8 (helst 16) GB minne
- 256 (helst 512GB) disk
- 13-15" 1920x1080-skjerm
- helst moderat kraftig skjermkort, iallfall nok til å visa 1080p video utan å mukka
- eit par USB-portar
- kan leva med både US og internasjonalt tastatur, men føretrekkjer det siste
Etter det eg har funne, er alternativa Pinetree Pro (ARM, out-of-stock), DC-ROMA (RISC V Spacemit K1/RVA22, out-of-stock) og Musebook (RISC V Spacemit M1/RVA22, litt dyr). Alle er "eksperimentelle", AI-fokuserte (DeepComputing) og selde frå HK/Kina. Hadde kraftig føretrekt eit europeisk alternativ, men det kan eg nok skyta ei kvit pil etter.
Eg ser at Ubuntu har flytta RISC-V-bygga sine (i utviklingsversjonen) frå RVA20 til RVA23, så eg reknar med at eg eigentleg bør venta til det kjem nye versjonar av overnemnde med RVA23. Spacemit har allereie presentert K3. Eg trur Debian framleis er på RVA20.
Apple er sjølvsagt eit ARM-alternativ, og OSX har eit fint Unix (BSD-basert)-userland. Eg har hatt fleire maskiner frå Apple gjennom tidene, og vore veldig nøgd. Men det kjenst litt bakvend (og, ikkje minst, dyrt) når eg ikkje har så lyst til å bu i Apple-universet.
Så, folkens, om det er nokon som har tips, hint, vink, synspunkt eller erfaringar (det siste er å føretrekkja): på førehand takk!
pine64eu.com
store.deepcomputing.io
store.deepcomputing.io
Elles har eg litt sans for laptop-ane frå frame.work
frame.work

14″ PINEBOOK Pro LINUX LAPTOP - PINE64 EU
2 year warranty 48hrs dispatch (Mon - Fri) EU-based support Free shipping CPU: 64-Bit Dual-Core ARM 1.8GHz Cortex A72 and Quad-Core ARM 1.4GHz Cortex A53 GPU: Quad-Core MALI T-860 RAM: 4 GB LPDDR4 Dual Channel System DRAM Memory Flash: 64 GB eMMC 5.0 Wireless: WiFi 802.11AC + Bluetooth 5.0 One...
pine64eu.com
DC-ROMA Laptop II with 8-core RISC-V CPU
Standard Dev ToolKit 32G TF card with Debian images 32G TF card with Ubuntu Server images Type C Cable Special Dev Cable Power Dev ToolKit 87W GaN 10000 mAH Charger Power Bank Standard Dev Toolkit The DC-ROMA RISC-V Laptop II is the world’s first RISC-V laptop pre-installed and powered by...
SPACEMIT MUSE Book RISC-V Laptop
MUSE Book is a RISC-V laptop powered by SpacemiT’s 8-core RISC-V AI-CPU M1. It comes pre-installed with the self-developed Bianbu Operating System and includes the SpacemiT AI Development Kit. With seamless migration support for AI projects developed on ONNX Runtime, it aims to offer a more...
Elles har eg litt sans for laptop-ane frå frame.work
Introducing the Framework Desktop and newest Framework Laptop 13
Choose between our latest Framework Laptop 13 powered by Ryzen™ AI 300 Series processors or our brand new Framework Desktop with Ryzen™ AI Max Series processors.
Sist redigert: