Politikk, religion og samfunn La France, où allez-vous?

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
6.584
Antall liker
7.359
Sted
Market Snodsbury
Vi har trådar for USA, Kina, Russland, UK og Noreg, men vi manglar ein politisk tråd for Frankrike; heimlandet for vin, mat, atomvåpen, spektakulær arkitektur, nasegrus sjølvdyrking, barrikadar i gatene og rosa dopapir.

No vart det diverre/heldigvis ikkje fregattar derifrå, men det er alltid, likevel, spanande å følgja med på fransk politikk.


Eg kjem framleis ikkje over korleis Macron greidde kunststykket å skyta seg sjølv i foten ved å lysa ut nyval til nasjonalforsamlinga fordi RN gjorde det godt i valet til Europa-parlamentet, og slik enda opp med å måtte kvila seg på ein allianse mellom byråkrat-konservative og venstrepopulistar. Korleis kan det gå gale?

Sjølv har eg ikkje vidare sans for Macron, som i mine augo innanrikspolitisk ikkje ser ut til å forstå den sosiale misnøyen og vonløysa som td. utløyste "gule vestar" (gilets jaunes)-demonstrasjonane og også er ein del av forklaringa på at RN gjer det skarpt. Likevel, eit Frankrike med Le Pen som president og Bardella som statsminister kan fort verta ein krise for eit EU som er nøydde til stå på eigne bein.

For den interesserte, her er eit kart over Les institutions de la Cinquième République frå Wikipedia

 
Sist redigert:
Topp Bunn