Valentino skrev:
Jeg mener det blir feil når du gjør kontrollert spredning og redusert spredning synonyme, orso.
"Kontrollert spreiing" er nok eit upresist omgrep. Men spreiing er vesentleg for svært mange parmetrar i lydattgjevinga.
Den evige diskusjonen eg har med Stig Arne Skilbrei om kor mykje høgtalarane skal vinklast innover, er eit godt døme på dilemmaet. Peikar dei rett framover, får du typisk betre lydbilde på mykje popmusikk, men om høgtalarane (diskantane) er svært retningsbestemte, risikerer du å få feil klangbalanse og dårlegare dynamikk. Verst på dette er nok linjekjeldehøgtalarar. Dei spreier ikkje dei høgare frekvensane noko vidare, nettopp fordi dei er linjekjelder. Horn har til dels same kjenneteiknet. Alt etter korleis "trompeten" er utforma, må ein rekne med å vinkle dei innover mot ein relativt trang sweetspot. Men så vert då lyden ganske fullkomen akkurat her, når det gjeld dynamikk, klang og tredimensjoale eigenskapar. (Grunnen til at eg ikkje har enda opp med horn, er at både elementa og sjølve horna har ein tendens til å lage ein utprega eigenklang, ein signatur som eg finn travel i lengda (eg spelar ganske mykje). Linjekjelder, særleg dei som er bipolare og sender lyd i to retningar, er meir nøytrale klangmessig, og kan også pårekne seg (ofte, iallfall) betre oppløysing av smådetaljar når ein held seg til folkelege lydtrykk - dette gjeld særleg elektrostatkonstruksjonar) Med begge systema slepp ein også i stor grad refleksjonar frå sidevegg, fordi høgtalaren ikkje sender noko særleg over 500 Hz i andre retningar enn rett fram (og bak) (bassen spreier seg uansett over alt, som ein konsekvens av at bass no eingong er slik.Såleis kan ein seie at spreiinga er under full kontroll...
Rundstrålande høgtalarar har totalt andre utfordringar. Dei spreier det meste, og i prinsippet kan du rekne med å ha eit vanvittig stort swettspot; du kan lytte med stort utbytte nesten over alt i rommet. Du kjem likevel inn i tre problemområde:
- Romrefleksjonane. Rommet får alle frekvensar over alt, og lyden vert reflektert i større og mindre grad frå alle kantar.
- Dynamikken dauar, fordi det går så mykje energi i alle retningar. Høgtalarane vert sjukeleg tungdrivne, og utfordringar med ein "perfekt" effektforsterkar melder seg ganske fort.
- Det er svært vanskeleg å lange ein fullkomen rundstrålande høgtalar. Eg har prøvd veldig mange. Nokre av dei mest fascinerande har vore Bose 901 (det var desse som fekk med ut på hifi-galeien i utgangspunktet) og Carlsson sine ulike konstruksjonar (starta med å få høyre Sonab sine modellar på tidleg 70-tal, som var den mest realistiske lydattgjevinga eit vart barnesinn hadde høyrt så langt). Men desse spreier ikkje alle frekvensar like mykje. Likevel, dei lagar eit svært truverdig og naturleg lydbilde, spelar godt dynamisk (med den rette forsterkaren), og har relativt (jaja, her kan vi diskutere) gode klangeigenskapar. Spreiinga er forsøkt kontrollert, og ein har iallfall ein klar strategi for å utnytte desse eigenskapane. Problemet er at vi etter kvart vert klar over at både Carlsson og Bose-konstruksjonane sine lydbilde stort sett er dei same over dei fleste innspelingar som liknar på kvarandre. Det er altså eit Bose-lydbilde og eit Carsson-lydbilde, og ikkje ei attgjeving av det som finnest på plata.
Mi personlege oppleving er at MBL 101 E mk 2 står i ei særklasse når det gjeld 360 graders spreiing av all lyd - langt betre på dette feltet enn alt anna eg har høyrt (med eitt unntak; Beverigde modell 2, som rett nok spreidde lyden "berre" 180 grader, men som skulle plasserast nær vegg. Dette kan skape eit like truverdig og flott lydbilde som mbl, men så manglar dei mykje av frekvensområdet, og kan dessutan ikkje spele på langt nær så dynamisk som MBL.
Å jobbe opp MBL 101Emk2 er ei stor utfordring, som tek mykje tid (og sinnsjukt mykje pengar). Men det er ein høgtalar som kan gje att alt eg bryr meg om av frekvensar, til alle dei lydtrykk eg bryr meg om (vel, eg kunne tenkje meg superoppløysing også ved heilt lave lydtrykk - dei likar seg best når det skruast litt opp), og eg får stor variasjon i dei tredimensjonale eigenskapane som eg veit (frå tider med elektrostatar og andre meir utbreidde høgtalarkonstruksjonar) ligg på innspelingane. Det er ingen fare for at høgtalarane "fargar over" detaljar med sin eigenlyd, eller ikkje greier å formidle nyansar i innspelingar (eller i avspelingsutstyr og elektronikk, for den del). Dei glir ikkje akkurat naturleg og diskre inn i mi furupanelmiljøstove, men dei kan faktisk plasserast der på ein måte som gjer det råd å bruke rommet til anna enn lyd, noko som ikkje er tilfelle med dei andre høgtalarane eg har på ynskjelista...
Når ein samanliknar med "normale" høgtalarar, som ikkje høyrer til dei to kategoriane med "kontroll" over spreiinga, skulle ein sånn logisk sett tenkje seg at desse har ukontrollert spreiing, men det er som oftast ikkje tilfelle. Dei spreier lyden, men slik at det kjem an på vinkelen mellom deg og høgtalarelementa om frekvensgongen er rett. Så må du til å vinkle høgtalarane innover, og dette fører til endringar på dynamikk- og tredimensjonale eigenskapar. Så har vi ymse former for equalisering som kan kompansere for irriterande avvik. Likevel er det slik at klangbalanse er det vi hugsar dårlegast, men som er lettast å skilje i ein A/B-test. Når kunden har bestemt seg for høgtalar A (eller B) og tek denne heim i stova, vert han som regel fornøgd. Det er som når lyset i eit rom vert farga av solbriller, lysrør, farga pærer, eller sollys gjennom farga gardiner - ein legg merke til det umiddelbart, men etter mindre enn to minutt, har hjernen kompensert "fargestikket" (om det då ikkje er heilt på trynet), og farge- (og klang-)balansen opplevast som naturleg.
Mange normalhøgtalarentusiastar (slett ikkje alle, men no må vi generalisere litt) påstår at det ikkje er muleg å høyre tredimesjonale eigenskapar ut av berre to høgtalarar -dei er då berre to. Men dette er tullball, noko som alle eigarar av "kontrollert-spreiing"-konstruksjonar er fullstendig klar over....