Valentino skrev:
Og Vagstol: Du viser de to beste grunnene jeg fant for å kjøpe Schumann-boksen.
Eg har spelt nærast samanhengane derifrå sidan boksen kom i hus. Nett no symfoniane. Dei er ikkje akkurat dårlege, og eg lurer litt på kvifor eg ikkje har spelt dei oftare, så dyre som dei var då eg kjøpte dei fyrste gongen. Gardiner/ORR.
(EDIT: No ser eg at MDT sel den 3CD-boksen for GBP 17. Det er sjølvsagt ikkje ein astronomisk pris, sjølv ikkje no om dagen, men eg er overtydd om at eg betalte nærare 500 kr over disk for eit års tid sidan).
Det einaste eg ikkje heilt får grep på, er pianotrioane. Men det trur eg handlar meir om at eg har store vanskar med å gripa formatet enn om framføringa. Det er Beaux Arts Trio og greier, så det er sikkert heilt adekvate framføringar.
Forresten, FWIW: Sjekka nett Penguin Guide 2010, og nesten ingen av desse innspelingane i boksen er nemnde. Symfoniane er eit unnatak (dei får fire stjerner) (pluss eit par andre greier). Velvel. Det er ikkje fyrste gongen eg oppdagar at eg er usamd med den juryen.