Karakterfulle høgtalarar del 3 – Stig Arne si dagbok august 2024

SAD-0824 (1 of 2).jpg


Gamalt men godt! Dagboka tek denne venda føre seg ein gamal høgtalar som etter eit par enkle modifikasjonar spelar glimrande. Og i Ølspalta har me smatta oss gjennom septembersleppet til Vinmonopolet.

KARAKTERFULLE HØGTALARAR DEL 3: VINNAREN TRER FRAM
Då er me komne fram til del 3 og siste i trilogien vår om karakterfulle høgtalarar. Det er naturleg nok vinnaren som står for tur, og heilt uventa var det vel ikkje, men det overraska meg likevel. Me har helde namnet hemmeleg til no, og vil halda fram med det eit par setningar til. Målet var å prøva ut tre par store og dugande høgtalarar, som eg har hatt ståande lenge; og bestemma meg for kven av dei eg vil bruka for framtidig lytting og glede. Eg freistar å unngå å få huset fullt, og heller kvitta meg med dei eg ikkje vil bruka vidare. Eg er ikkje samlar, det berre ser slik ut. Me har prøvd ut to par so langt, Electrocompaniet Objekt, og Yamaha NS-1000 Monitor, begge høgtalarteknologi på sitt beste. Men det var det tredje og langt meir fåmælte paret, og dei desidert billegaste, som stakk av med sigeren. Men ikkje utan litt pleie. Ikkje det at dei ikkje var gode i utgangspunktet, men små modifikasjonar har gjort dei aldeles glimrande. Mine damer og herrar: Les under om - trompetfanfare! - ein gamal travar: Dali 7.

Dali 7 (1983 - )
Det starta med at ein kamerat ringde og ba meg sjekka høgtalarane hans, dei var byrja å (for)vrenga i bassen. Eg skjønte kva det var. Det var denne flerr-flerr-lyden som oppstår når skumgummikanten rundt basselementet har smuldra opp. Nye ringar vart tinga, og limt på. Framgangsmåten er skildra i Dagboka frå februar -23. Etter dette kopla eg opp for å lytta, mest for å sjekka at alt fungerte, men og for at eg var litt forviten. Nei, eg hadde jo ikkje tenkt å skaffa meg slike, må vite, som purist hadde eg lenge helde meg til langt mindre og meir “audiofile” tovegs-høgtalarar. Daliane virka tungdrivne, og det fekk meg til å undrast over at basselementet var heilt pakka inn i skumgummi, noko eg stussa over då eg skrudde ut elementet og keik inni. Eg berre måtte prøva. Eg skrudde bassane ut att, fjerna denne delen av skumgummien, og lytta att. Det gjorde susen. No fekk bassen pusta; og fornya liv. Ikkje berre det: Eg noterte meg at mellomtonen var nydeleg. Men eg fortrengde det. Eg hadde som sagt ingen planar om å skaffa meg slike beist. Ikkje akkurat kjøleskåp, men mindre kan og gje skilsmål....

Les heile dagbokartikkelen til Stig Arne i Audiophile.no

SAD-0824 (6 of 14).jpg
 

Kommentarer

utsikta

Hi-Fi entusiast
Ble medlem
16.03.2023
Innlegg
119
Antall liker
105
Sted
Grenland
Flott fortelling! Mange flotte tips jeg vil teste ut når jeg nå går i gang med restaurering av mine dali 8.
Vet du om det samme basselement i dali 7 Og 8?
Dali 8 bruker peerless (KDH825/831595) og jeg sliter litt med å finne skumringer med samme mål som orginalt.
 

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
1.559
Link til alle artikler
531
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
ÅRGANGSTEST: Klipsch RF-3

ÅRGANGSTEST: Klipsch RF-3

  • 5
Kort tid etter min spede begynnelse som hifi-skribent møtte jeg Klipsch, og det var f... meg en øreåpner så brutal at jeg deretter har vært så full av blomsterspråk at jeg har ertet på meg mer enn...
Fortsett
Audiophile.no
PLATESMAKING: Tanita Tikaram - Liar (Love Isn`t a Right). Karakterfull musikk frå en halvveteran

PLATESMAKING: Tanita Tikaram - Liar (Love Isn`t a Right). Karakterfull musikk frå en halvveteran

  • 0
De av oss som syns at musikken gikk litt i vasken på 80-tallet opplevde selvfølgelig likevel en rekke hyggelige overraskelser etter at 70-tallet var ugjenkallelig over. En av disse musikalske...
Fortsett
Audiophile.no
Keel SE og Klimax Radikal - oppgraderinger til Linn LP12 Klimax

Keel SE og Klimax Radikal - oppgraderinger til Linn LP12 Klimax

  • 12
Linn har presentert to oppgraderinger for LP12. I likhet med oppgraderingen Bedrok-plint som ble introdusert i februar er heller ikke Keel SE og Klimax Radikal beregnet for veldig sarte sjeler...
Fortsett
Audiophile.no
Hifimessen i Horten 2025 – Del 3: Karl Erik sine inntrykk

Hifimessen i Horten 2025 – Del 3: Karl Erik sine inntrykk

  • 5
Etter en oppseiling til Hortenmessa i de to forutgående dagene, med hyggelige og informative besøk hos Duet Audio, Stereofil og Eksakt HiFi, var hjerte og hjerne sånn noenlunde i synk med ørene da...
Fortsett
Audiophile.no
Håkon Rognlien ny skribent i Audiophile.no

Håkon Rognlien ny skribent i Audiophile.no

  • 21
Hifimesser kan være fruktbare på mange ulike måter. Noen får en øreåpner for nye produkter som de liker, eller kanskje til og med misliker, mens utstillere får eksponert sine produkter for nye...
Fortsett
Audiophile.no
PLATESMAKING: Et fyrtårn med to sidefyr, og et par skamfulle gleder

PLATESMAKING: Et fyrtårn med to sidefyr, og et par skamfulle gleder

  • 0
Denne gangen har jeg valgt å gå tilbake til gamle «synder» med å smake på fem plater i en slurk. Og grunnen er at det var så mange utgivelser jeg bare måtte ha smakt på før de gikk ut på dato...
Fortsett
Topp Bunn