Problemet heiter eigentleg særskriving/samanskriving (sjekk språkrådet på
http://www.sprakrad.no/Sprakhjelp/R...grammatikk/Eitt_eller_fleire_ord/#særskrivast ), orddelingsfeil er dei som oppstår når du skal dele eit ord ved slutten av ei linje. Men ok då, vi kan bruke "orddelingsfeil" når
Normalt vert ikkje alle orddelingsfeil retta der ein brukar bindestrek. Det er veldig vanleg å dele ord slik når målgruppa er folk (oftast elevar) som ikkje forventast å vere lesesterke.
Binde-strek er altså ikkje alltid orddelings-feil, og kan brukast når det er svært mange stavingar i fleire samansette ord. Dei klassiske feila der det ikkje må vere særskriving
ananas biter vs ananas-biter
lamme lår vs lamme-lår
endrar ikkje innhald, slik dei gjer utan bindestrek. Så vi sit att med ein del logikk og estetikk på dette feltet.
Er du i tvil, skal det vere ordsamansetning i dei aller fleste tilfelle (utan bindestrek). Sjølv brukar eg ofte bindestrek der eit ord er samansett av ei forkorting + eit tillegg. (PC-bruk, CD-spelar, TV-program), og tykkjer det er logisk og lettlese. Men kanskje ikkje alle forståsegpåarar er heilfrelste på ein slik praksis? Eg brukar også ofte bindestrek der det bindast saman to ord, der det fyrste endar på ein vokal, medan det siste startar på ein vokal. Iallfall når det er same vokal. Det ser så teit ut med to like vokalar etter kvarandre.
(Opprinneleg eit lite problem som berre var til stades ved linjeskift, men pga. data-alderen , engelsk påverknad, og utstrakt bruk av PC-retteprogram har det no vorte svært vanleg. Eg har erfaring med at svært mange elevar har dette problemet når dei andre "klassiske skrivefeila" er luka vekk. Personleg tykkjer eg det er verre med bruk av 's på norsk.)
Denne er morosam:
http://folk.uio.no/tfredvik/amo/
henta frå den storarta nettstaden:
http://folk.uio.no/tfredvik/amo/
Men vi har også orddeling-stoppen :
http://huftis.org/artiklar/orddeling-stoppen/
Og dei som vil ha kvalifiserte reglar kan sjekke:
http://www.sprakrad.no/nb-no/Sprakh...veregler_og_grammatikk/Eitt_eller_fleire_ord/
http://www.sprakrad.no/Sprakhjelp/R...egler_og_grammatikk/Orddeling_ved_linjeskift/