Eg kjenner meg igjen i trådstartar; Kva er den beste lyden?
På konsert får ein med seg litt meir enn bare lyden, og gode konsertar kan ver ei fantastisk oppleving, men eg har og gått skuffa heim etter konsert.
Det kan ver dårleg miksing, eller det kan ver at lyden akkurat der du sit/står ikkje er den beste, eller det kan ver at orkester/artist rett og slett ikkje har dagen.
Men når alt klaffer, så er det ingenting som slår "live" musikk.
Heime så prøver me å gjenskape denne opplevinga, i det minste gje ein illusjon av konserten.
Nokre tek det lenger enn andre, med eigne rom som er utforma og behandla etter alle kunstens reglar. Andre har, av ulike grunnar ikkje høve til det.
Eg har anlegget i stova sidan det er der me er i lag og nyt musikk hos oss. Stova er stor så både eg (og andre som lytter) og høgtalerane kan stå/sitje godt ut frå vegg.
Teppe på parketten, møbler og gardin foran vindauga er med og hjelper på akustikken, og når eg måler med REW så er det slett ikkje gale.
Kanskje burde eg ha skifta ut ein del av det gamle utstyret mitt, men for meg er litt av hobbyen og få det gamle utstyret til å spele så godt det let seg gjer.
Ganske tidleg prioriterte eg utstyr som var mest mogeleg frekvenslineært, støysvakt og med minst mogeleg farging av lyden. Utstyr vart kjøpt inn når økonomien tillot det. Nå er økonomien såpass at eg kan kjøpe mest det eg vil, men som sagt, så syns eg det er kjekkare å få det gamle utstyret til å spele optimalt.
Eg syns eg har lukkast ganske godt, og med gode plater (som vel er elefanten i rommet) kan eg setje meg i godstolen, lukke augene og bille meg inn at eg er på konsert.
Eg nemde at eg har gått skuffa heim frå konsert, men eg har nok vore skuffa mykje meir etter kjøp av plater og cd-ar med dårleg lyd. Uansett så fortsetter eg å gå på konsert både for opplevinga og for å kalibrere øyrene, og eg fortsetter å kjøpe plater, men eg set meir og meir pris på dei gamle jazzplatene mine.