Audiophile-Arve
Æresmedlem
Eg har heller ikkje stemt. Spelar nesten berre vinyl for tida. Det er der eg har mesteparten av vrenginga m.m.
Jobba mykje med ein Behringer 8024 for mange år sidan, og har vore bort i analog equalisering ved nokre høve. Det er ikkje tvil om at den digitale "revolusjon" har utruleg mykje føre seg, og at ting er langt lettare å få ordna no enn då ein jobba analogt heile vegen. Eg såg også at denne digitale equalizeren vart brukt i produktutviklinga til Roger Sanders og InnerSound, og at han fekk svært god lyd.
For eigen del fann eg at Behringeren påverka lyden på måtar eg ikkje likte, og at han ikkje på nokon måte var optimal. Eg gjekk så over til rundstrålande høgtalarar, og fann "lydleg truverd" på ein måte eg ikkje har opplevd på andre måtar, og med ein del andre føremoner (kjempestor sweetspot og "gratis" surround) som eg sette stor pris på.
Eg skulle gjerne gjort ein målejobb på oppsettet mitt no, men har forstått at ting vert veldig vanskeleg med rundstråling. Eg er også skeptisk til å sette anna i signalvegen, ut frå erfaringane eg gjorde tidlegare. Byte til "normale" høgtalarar kjem definitivt ikkje på tale.