Skjønar du skal ha noko lettdrive og enkelt på ei hytte utan innlagt vatn. Eit spennande prosjekt. Eg prøvde noko sånt på 90-talet, på ei hytte som var vinterkald og utn straum. Skulle teste ut om det var stor skilnad når eg ikkje hadde tilgong på vekselstraum.
Prosjektet varte berre tre-fire veker, så det hadde kanskje skjedd noko om anlegget hadde stått der permanent, men eg registrerte ikkje noko negativt i laupet av denne tida.
Elles, med tanke på ekstreme utfordringar, har eg hatt oppmontert eit sett utandørs Boston-høgtalarar i 16 år, på ein av dei meir verharde veggane på Vestlandet. Dei verkar fint endå.