God jul alle saman!
Det har vore eit hektisk år, spesielt i haust. Med ny jobb har det vorte lite hifi-moro, eigentleg. Det hadde neppe vore likare med den gamle jobben, så eg klagar absolutt ikkje. Men det kan sjå ut som det vert meir tid til seriøs satsing på nyåret.
Julegåvetips: Eg ynskjer meg ei bråte frilans-skribentar som kan gjere ein jobb for
www.audiophile.no. Målform inga hindring. Men gjerne kunnskapsrik og entusiastisk rundt musikk. Vi kan tilby dårlege lønsvilkår, men mykje heider....
No har eg vore oppe ei stund og spelt Magnum Mysterium frå 2L. Fekk ikkje til Spotify under juletrepyntinga i går kveld, så her har det gått på CD/SACD, og i morgon vert det garantert vinyl. Har funne kjøparar til mykje av anlegget mitt, så det er litt vemod over lydattgjevinga. Men det er på tide å fornye litt av anlegget.
Men juletradisjonane vert det ikkje endra på: Karamellpudding, molte- og bringebærfromasj, bukkeribbe (må berre beklage at eg ikkje kunne skaffe sånt til fleire), alt er under kontroll, bortsett frå mandelpoteter, som eg skal hente snart. Så eigentleg er det berre kålrotstappa som står att av arbeid no.
Då håpar eg at alle kjenningar (?) på sentralen her får ei god høgtid i fellesskap med sine næraste, og at den einskilde sin julemusikk vert attgjeve på ein måte de finn verdig og tilfredsstillande på alle måtar.
Helsing Audiophile-Arve