Det er to ting som forundrer meg.
1. Det ene er argumentet om at abort ikke er å ta liv. Det blir gitt uttrykk for at fosteret er en del av morens kropp som hun kan gjøre hva hun selv vil med.
2. Det andre er at man sammenligner dyr med menneske.
1. Her er ein progresjon....på ein eller annan stad på tidsaksen frå like før foreldra var freista til unnfanginga fram til ein udiskutabelt er eit sjølvstandig menneske. Ytterpunkta er tekne med godt monn, så mitt poeng skulle vere overtydeleg.
Sjølv vil eg meine at det burde vere lite problematisk å bruke angrepille. Om denne var i fritt sal, og det var informert godt om dette tilbodet, ville det vere berre dei mest fanatiske gammaltestamentlege som hadde innvendingar, og slik eg ser det då på eit 3000 år gammalt behov patriarkane hadde for å utvide klanane sine - neppe eit argument i ei tid då menneskeslekta (og ikkje berre direkte etterkomarar etter Isak) utgjer i overkant av 6 milliardar av vår art. At det i dag skal fødast menneske som ikkje er ynskte av foreldra, burde strengt tatt vere eit moment i denne debatten.
2. Eit evolusjonsmessig interessant prinsippspørsmål. Vi er vel einige om at vi ikkje skal drepe vår neste. Men kva er vår neste? I indisk/hinduistisk filosofi inkluderast svært mykje som "neste", iallfall heile faunaen. Medan på den andre sida våre forfedre Cro Mangon for 30 -50 000 år sidan utrydda nedandertalane, endå meir effektivt enn nybyggjarane fortrengde indianarane i USA. Og GT fortel om då Ismael og mora vart sende ut for å døy i øydemarka av faren - såg ut som dette var heilt greitt. I USA er det heilt greitt med dødsstraff i mange statar, og Bush har ikkje vore redd for å gå til krigsoffensiv. Mange også her på sentralen verkar ha lite problem med dette.
Eg meiner det vert fødde for mange menneske globalt sett. Som lemen når det er år for sånt, stressast vi, og oppførerer oss irrasjonelt, kanskje ikkje så mykje på grunn av matmangel, som det at vi er i ferd med å forurense vårt eige reir til dei grader. Eit sånt perspektiv bør også vere med i ein debatt rundt fjerning av uønska foster.