Nokre forsterkarar går under radaren, av ymse grunnar. Her skal eg omtale ein av dei; soundMAXX
I dag har forsterkarteknologien kome svært langt innan tre retningar. Den eldste teknologien er rør, som oftast går på ein meir eller mindre modernisert variasjon over konstruksjonar frå 50-talet eller tidlegare. Du får ulike klassar og wattutgåver, og nydeleg lydattgjeving som eg held svært høgt. Så har vi fleirtalet, dei meir konvensjonelle transistorkonstruksjonane. Majoriteten av desse er fornuftig dimensjonerte, men det er også her du skal leite om du treng dei heilt store beista når det gjeld effekt og straumforsyning. Her slepp du ting som biasjustering og rørskift, men du må rekne med ganske mykje transportutgifter når dei skal flyttast på, om du skal ha dei råaste produkta. Men over 90% av alle forsterkarar i dag høyrer nok til denne kategorien....
Les heile sommarsoga i Audiophile.no