Trådstartar: Siden ingen så langt har klart å dokumentere hørbar forskjell på kabler...
Frå eit gammalt notat: 2.5.93 hadde eg ein blindtest mellom Supra høgtalarkablar og Audioquest type 4. Ikkje nokon grundig og vitskapleg test, men spelte eit kutt (Limehouse blues, Jazz at the Pawnshop) 5 gongar, eg plukka ut rett kabel 5 av 5 gongar (hadde høyrt begge før). Skilnad: Audioquest opnare og meir "crisp". For eit halvt års tid sidan kjøpte eg Duelunds signalkabel og samanlikna dei med mine heimelaga. Eg gjorde ikkje tilsvarande test, men let dei vere tilkopla ei stund medan eg lytta til musikk. Men det enda alltid med at eg bytta tilbake til mine eigne før kvelden var omme. No ligg Duelundkabelen i skuffa, min eigen er i bruk. Eg nyt musikken betre med den kabelen...Eg dreg ikkje den slutninga at alle ville ha gjort same valet som meg, vi vil ikkje alle ha musikken presentert på den same måten.
Ei slags oppsummering ut i frå eigne erfaringar:
1: Mange vil høyre skilnad på apparat/kablar i blindtest.
2: For å finne ut kven du vil ha, må du teste ut over tid. Bruk ein kabel/ CD-spelar eit par veker, bytt så. Kjenner du saknet, eller pustar du letta ut ?
3. Målingar for å finne den beste CD-spelaren i ei prisklasse ?
Har du funne avgjerande parameter å måle på desse 25 sidene ? Til dømes Stereophile gjer målingar av alle CD-spelarane dei testar. Er det mogeleg å lese noko ut av målingane som seier at spelar A er betre enn spelar B i same prisklasse, og kva er det i såfall dei målar som viser det ? Skal innrømme at eg ikkje har granska målingane nøye, det må andre gjerne gjere.
4. Vil vi alle ha musikken presentert på same måten ? Anlegga til medlemane på forumet er ulike, sjølvsagt er mange (alle?) på leit etter noko enno betre. Men nokre vil høyre alle detaljane, andre vil ha stemninga osb. Det som er rett for meg er kanskje ikkje rett for deg.
5. Skal du ha ein ny komponent i heimen, er det du og berre du som kan avgjere kva du skal ha. Sjølvsagt er det bra å kunne snevre inn utvalet ut i frå testar og målingar, men det er ikkje nok.
Du er på jakt etter oppgradering (?), utan bruke for mykje tid, og å kaste vekk for mykje pengar. Men moralen er: Lytt til andre, prøv ut sjølv.