Vinyl-soga på 2 minutt:
1. fase, 60-talet: Platespelarane hadde relativt liten fokus, og det fantest få hifi-testar. Skikkeleg solide drivverk vart likevel laga, slike som skulle vare. Desse kom gjerne frå Garrhard. Heilt toppers ting
2. fase, 70-talet. Dual og Lenco dominerte med drivhjulsspelarar, til Dual kom med sin fyrste DD, som var veldig god, til liks med andre ting. Garrhard var nok minst like bra, men til ganske uoverkomeleg pris. Dei billege Garrhard-spelarane flaut på ryktet til sine eldre supersyskjen, men var ei katastrofe. Og når Dual/Lenco vart samanlikna med ein Garrard (som gjerne synte seg å vere ein SP 25 mk II), var det rått parti. (nokre unntak; dei laga faktisk proffutgåvene langt inn på 70-talet, og dei utvikla også Zero-armen) Thorens var også i ferd med å ta store marknadsdelar.
Ein skal også merke seg AR-grammofonen, stamfaren til alle "gode" beltedrivne spelarar....men han var ikkje særleg mykje omsett. Eg har fått leika meg med to sånne litt, men aldri hatt dei heime til seriøs utprøving. Må vel seiast å vere i same klasse som dei betre frå Thorens.
3. fase, midten av 70-talet: Japanarane kjem. Veldig stabile, og dei introduserer MC-pickupen (sjølv om m.a. Ortofon har hatt slikt lenge). Kvalitetane til desse drivverka (dei beste var kanskje Denon? Det hevda iallfall TAS då dei kom) med MC og tunge armar, var ganske annleis MM og lettvektsarmane. Den japanske utviklingsfilosofien gav oss drivverk som Technics SL 1000, Micro-Seiki, Nakamichi, Kenwood.
Luxman gjekk sine eigne vegar, og etablerte vakuumtallerkar på sine spelarar med beltedrift, fordi dette på mange måtar var betre. Men denne evolusjonslinja stoppa opp av to grunnar; introduksjon av CD-mediet, og:
4. fase: slutten av 70-talet Linn LP 12 (og Rega i dei lågare divisjonar) etablerte seg med superkvalitet (var vel tilgjengeleg frå 73, men slo ikkje gjennom i USA før den legendariske testen til JN i det viktige magasinet TAS. USA hadde nettopp oppdaga MC, sidan Joe Grado sylta ned patentet han sat på så lenge som råd, då han hadde sine Grado-pickupar han heller ville selje), som var meir musiske enn dei dominerande japanske - og generelt betre lyd pr krone. Linn danka ut alt anna, til ein traff på:
5 Goldmund-perioden, som var dominerande heilt til "vinyl-vinteren" sette inn ca 1985. Her dukka mellom anna VPI opp med forunderleg overlevingsevne i dei kalde frostnettene....
Men mykje har blomstra under vinteren også....og no er det kanskje vinyl-vår?
Det fine med vinyl-vinteren er at det aldri har vore så gode pickupar å få tak i som etter at ein tok til å spå at vinylen var dau.... i tillegg til klassikarane, er det massevis av både sinnsjukt dyre superalternativ og ganske så billege svært fornuftige kvalitetsalternativ. Og det er framleis råd å kjøpe klassikarane, for den som vil...