Har nylig kjøpt meg nytt riaa, og ny PU kommer så snart økonomien tilsier det!
Men så var det dette med demping. Hva slags erfaring har dere på dette området? Hva slags produkter egner seg best til å "isolere" spilleren fra uderlaget.. Tenker at det må ha stor betydning for lyden.. Kom med tips !
Mvh Jan Arne
Dette er eit vanskeleg tema, og det er mange vegar til Rom....
Med visse unntak er det hovudsakleg to grunnprinsipp for platespelarkonstruksjon, flytande og fast oppheng.
Eg likar best fast oppheng. Det er lettast å forholde seg til. Prinsippet "mechanical grounding" finn du m.a. utdjupa av Goldmund, som laga nokre av dei beste platespelardrivverka som finnest. Dette er enkelt å jobbe med, og om du i tillegg praktiserar ekstrem vektauke (slik at drivverk, platetallerk, spelarkabinett etter kvart veg alvorleg mykje), kan du få eit svært godt resultat.
Sjølv har eg eit råskinn av ein VPI-spelar, med ein motor som er ei viss utfordring. Her plasserer eg sjølve spelaren på fire spikes, av originalslaget (ikkje desse mini-HRX-føtene som alle seier er best), medan motoren står på ei spesiell, klebande, gummiaktig musematte som fjernar all støy, og som også gjer at Rimdrive-systemet fungerer ganske optimalt. Alt står på ei vegghylle, som er skrudd godt fast i ekstra kraftige tverrgåande bjelkar bak stovepanelet. Eg trur det veg rundt 40 kg, og av dette roterar platestrammar og platekrans saman med den 12 kg tunge platetallerkenen. Dette fungerer veldig godt. Vegghylla er eit must på alle spelarar med fast oppheng eg har prøvd, og har også ofte positiv innverknad på lyden frå flytande opphengde spelarar (som til dømes Linn Sondek LP 12).
Det flytande prinsippet har eg ikkje heilt klart for meg korleis det skal verke, men i praksis er sjølve tallerken, drivverk og pickuparm festa på eit felles underlag som er isolert frå omgjevnadane via eitt eller anna oppheng, som fjører, gummireimer, magnetar, luft eller noko endå meir kreativt. Tanken er at denne plattforma skal stengjast ute frå verdas vondskap og alle vibrasjonar. Men så har vi nokre problem. Dersom speleverket balanserar oppå eit oppheng, vert det ustabilt. Så plattforma må hengast opp. Dette har t.d. SME gjort på sine platespelarar, der plattforma heng i gummireimer.
I praksis er det stor variasjon i kor godt opphenga isolerar frå alt vondt. Har du eit golv av verste slag, vil du merke at stiften hoppar i rilla når du går over det. Dette kan du ikkje dempe deg bort frå. Du må anten flytte spelaren frå golvet til ei vegghylle, eller finne ein annan spelar. Av dei flytande spelarane eg har prøvd som isolerer best frå trampelyd, er gamle Dual-beist dei beste.
Så for å gje råd:
Ordne deg med ei skikkeleg vegghylle, som er lett å halde 100% i vater. Dette må du sikre at spelaren også er, uansett kva andre dempetiltak du brukar (nokre armar er meir utfordrande på dette enn andre)
Har du flytande oppheng, er vater og justering mest avgjerande. Men om dette er på plass, kan du alltids arbeide med ulike dempesystem. Men unngå slikt som eit ekstra flytande oppheng på ein flytande opphengd platespelar. Eg prøvde ein Thorens på ei magnetisk flytande plattform med dårleg resultat.
Platematter kan vere til stor forbetring, men spelaren må tåle ei slik. Dette kan vere vanskeleg å få til med visse flytande oppheng. Det aller beste eg har erfart, er likevel å ha ein svinaktig tung platetallerk, platekrans rundt ytterkanten på denne og vinylplata.
Personleg får eg altså til fast oppheng best. Medan t.d. Rudi får til flytande opphengde spelarar heilt problemfritt. God lyd har han også.