Ture Sølver var antagelig Norges siste frie mann
Jeg tror ikke dette hadde vært mulig i dag
Det er nett der dei fleste diskusjonar om objektivisme, anarkoliberalisme, minarkisme osb endar opp:
Dei aller færraste av oss har noko som helst ønske om å vera frie til å bu i skogen, fanga vår eigen mat og stort sett unngå kontakt med andre menneske. Dei aller fleste av oss ønskjer å bu i eit samfunn
- med kapasitet til skapa og vedlikehalda ting som krev enorme ressursar (dette skjer i både offentleg og privat regi i dag)
- der dei fleste rundt oss er imøtekomande, rimeleg nøgde med tilværet, friske og velutdanna
Då vert spørsmålet om "ultimat fridom" (som, ja, betyr ulike ting i ulike samanhengar) fort underordna; dei interessante politiske diskusjonane vert kva slike samfunn er, og korleis vi kjem oss dit frå der vi er.
Hvor ble det Musk i denne tråden?
Eg har oppmoda om å flytta diskusjonen, men eg føler ansvaret ligg på
@Rakerholm som tok initiativ til denne tråden-i-tråden.
Men som eg har påpeikt før; mykje av ideologien som Musk-Thiel og gjengen kjem frå dette ideologiske «komplekset», så det har ein slags sekundær relevans. Kvifor denne gjengen har klistra seg til det som vi elles reknar seg som ultrahøgre, veit eg rett og slett ikkje. Det hadde vore interessant om det hadde samanheng med det ideologiske fundamentet, eller om det kjem i tillegg.