Anatomien til
@ePi får vera hans eigen sak, men du røyver ved eit litt interessant spørsmål: Du, eg og mange andre argumenterer for at det er
umoralsk å handla med Musk-føretak generelt og Tesla spesielt. Det er vel få av oss som skyt opp satellittar. Difor kjenst det som mas og gnag når
@Ole_Martin insisterer på at «Tesla er best på alle målbare parameter» (min parafrase). Som om det var poenget.
Men når slår umoralen inn?
Vi veit jo ikkje at seljar av modell 3-en skal kjøpa ny Tesla. Kanskje ligg vedkomande vaken om natta av Tesla-skam, og vil ha eigenkapital til å kjøpa ein meir moralsk elbil (kva no det måtte vera)
Oppfølgingsspørsmål: Er moral eit nullsumspel, slik at dersom eg har dårleg moral fordi eg kjøpte eit produkt frå ein slem produsent, så kan eg få betre moral ved å selja produktet att, og vert då moraltapet eg i utgangspuktet fekk, overført til kjøpar?
Eg ser poenget med at bil ikkje verre eit ein gjenstand, men også service/aftermarket. Jo, ja. Men då byrjar det å nærma seg pirk, altså.
Eller er det slik at (u)moralen ikkje er knytta til det spesifikke kjøpet, men symboleffekten av å køyra rundt i Tesla? Altså, at det ikkje handlar om å utføra ei reint skadeleg handling, men av å signalisera dårlege haldningar ved å bruka det-og-det merket?
Hjelp, hjelp, er det ein filosof i salen?!
@Harry Stoteles (eller Dr. Dong, om han framleis skulle vera her under eit anna nick)!