Dynavoice CA802BT/Loxjie A30 “Desktop" forsterkar - Stig Arne si dagbok august 2023

SAD-0823 (1 of 1).jpg


På eit av redaktøren sine arbeidsbord etter Hortenmessa i fjor oppdaga eg ein liten dings, som synte seg å vera ein heil liten forsterkar, men i miniformat, og digital. Sjølvsagt. (Klasse D-forsterkere er vel strengt tatt ikke digitale forsterkere – Red.anm.) Elles er det ikkje mogeleg å få han ned i den storleiken - i alle fall ikkje når han leverer 40 watt, meir enn dobbelt so mykje som ein Nad 3020. Eg vart forviten, og dum nok til å spørja om eg fekk låna han for utprøving. No har eg endeleg fått gjort det, kloss i årets messe, slik at eg kan ta han med attende. Me skal jo til Horten, Arve og.

Dynavoice
Dynavoice, som ikkje må forvekslast med Dynaco og den legendariske rørforsterkaren Stereo 70, er ei svensk verksemd som vart skipa i 1975 av Tommy Wadensten. Dei lagar i all hovudsak høgtalarar, men sel no denne forsterkaren og, laga og produsert i Kina. Redaktør Karl Erik har alt omtala han, og er rimeleg nøgd, men og merksam på at han har avgrensingar. Eg er mindre entusiastisk enn han, men han sa at eg kunne skriva akkurat det eg ville, samd eller usamd. Det kallar eg demokratisk sinnelag! Lurer på kva han stemte ved valet. Eg MÅ jo ikkje skriva alt eg meiner om alle ting, men når eg fyrst har teke meg bryet med å “testa” han ut, er det jo dumt å ikkje formidla det vidare, om nokon skulle vera interessert. Det er no slikt me driv på med, her i Audiophile.no.

Les heile dagboka for august i Audiophile.no

SAD-0823 (2 of 3).jpg
 

Kommentarer

Gjest.

Hi-Fi freak
Ble medlem
12.09.2006
Innlegg
6.193
Antall liker
904
Strømforsyning er viktig for disse forsterkerne. Hva brukte du? Lot du den spille seg inn? Det betyr noe også.
 

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
1.311
Link til alle artikler
498
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
TEST: OnePlus Pad 3 – nettbrettet som vil spise kirsebær med de aller største

TEST: OnePlus Pad 3 – nettbrettet som vil spise kirsebær med de aller største

  • 0
På forsommeren lanserte OnePlus sitt nyeste nettbrett. Dette er en toppmodell som åpenbart sikter mot stjernene, og vi har hatt Pad 3 på en grundig test. I fjor sommer lanserte OnePlus...
Fortsett
Audiophile.no
Tandberg Huldra 9, 10 og 11 – Stig Arne si dagbok mai 2025

Tandberg Huldra 9, 10 og 11 – Stig Arne si dagbok mai 2025

  • 0
Førre månad, og fleire før der att, lova eg å koma attende til desse uhyre interessante Tandbergane, i dei dagar då dei var på høgda av god lyd ... truleg. Me jobbar vidare med saka! Fleire...
Fortsett
Audiophile.no
Gamle radioar – Stig Arne si dagbok april 2025

Gamle radioar – Stig Arne si dagbok april 2025

  • 0
Er gamle radioar på moten att? Me let samlarar vera samlarar, og bryr oss berre om ein ting: Lyden. Og i ølspalta har me 4 boksar og ei tuteflaske. Bang & Olufsen Beomaster 900 (1964-1970) Kva i...
Fortsett
Audiophile.no
Klimax Solo 500 – Ny nestkommanderende monoblokk fra Linn

Klimax Solo 500 – Ny nestkommanderende monoblokk fra Linn

  • 3
I begynnelsen av 2024 lanserte Linn en ny flaggskipforsterker, og nå følger den skotske produsenten opp med en nestkommanderende forsterker. Klimax Solo 500 er navnet, og Linn-kjennere ser...
Fortsett
Audiophile.no
600-serie - Nye flaggskipforsterkere fra Mark Levinson

600-serie - Nye flaggskipforsterkere fra Mark Levinson

  • 1
Den amerikanske HighEnd-produsenten Mark Levinson har avduket en nye HighEnd-serie. 600-serien overtar stafettpinnen øverst i hierarkiet etter 500-serien, som til nå har vært det ypperste fra...
Fortsett
Audiophile.no
CLARITY 4.2 – Ny uvanlig stativmodell fra RADIANT ACOUSTICS

CLARITY 4.2 – Ny uvanlig stativmodell fra RADIANT ACOUSTICS

  • 8
I fjor lanserte Radiant Acoustics den oppsiktsvekkende stativhøyttaleren Clarity 6.2. Nå kommer en enda mer oppsiktsvekkende lillebror, med modellbenevnelsen Clarity 4.2. Det vil si – det er...
Fortsett
Topp Bunn