Bulkar er ein klar reklamasjonsgrunn, så du bør ha bytterett. Om du har handla brukt, er det vanskeleg å få erstatta "skattane" du sannsynlegvis har handla, og då er det ille å berre få att pengane...
Det er i det heile tre ting du kan gjere.
1. Bruke platestrammar/ein tung krans som leggjast i ytterkant av vinylplata når ho ligg på tallerkenen. Clearaudio har ein slik.
2. Kjøpe platespelar med vakuumtallerken, som syg plata fast, slik at plata ligg jamt.
3. Kjøpe ein ekstra lang arm til platespelaren, slik at opp/ned-rørsla får mindre "moment" (dårleg forklart, men du skjønar vel kva eg meiner? Dess kortare arm, dess meir valdsam vert rørsla), og auke stifttrykket. Max stifttrykk er eit spørsmål om pickup (du ser om nålefana bøyer seg så mykje at sjølve diamanten kjem i ulage), men generelt bør du aldri ha høgre stifttrykk enn ca 3 g.
Eg har prøvd å rette plater på mange måtar, (strykejern mellom glasplater, legge platene i press i fleire månadar), men det fungerer ikkje særleg godt.