Jeg er relativt fersk plate-spiller, og spør av nysgjerrighet - hvorfor anbefales det å ta av dekselet? Min logikk tilsier at dekselet stenger ute støy...?
Lokket er en stor flate som lett fanger opp vibrasjoner når du spiller musikk. Dette forplanter seg videre til platespiller, arm og pu. Det blir nesten som en mikrofon. Så av med lokk
Jeg er relativt fersk plate-spiller, og spør av nysgjerrighet - hvorfor anbefales det å ta av dekselet? Min logikk tilsier at dekselet stenger ute støy...?
Lokket er en stor flate som lett fanger opp vibrasjoner når du spiller musikk. Dette forplanter seg videre til platespiller, arm og pu. Det blir nesten som en mikrofon. Så av med lokk
Dekselet kan fange opp lydbølger og gi uønskede vibrasjoner. Derfor har RP8 og 10 delt kropp. Slik at dekselet ikke videresender vibrasjoner til viktige deler.
Det er nok veggen som vibrerer, og da vibrerer stativet og spelaren òg. Spelarar med fjørande oppheng, som til dømes Oracle Delphi, er mykje mindre følsame for vibrasjonar frå underlaget.
Kva veg portane i høgtalaren snur vil ikkje ha noko betydning, for portane strålar berre ved så låge frekvensar at dimensjonen på høgtalarane er små i høve til bølgelengda. Høgtalarane er difor rundtstrålane ved desse frekvensane. Nicolas Tesla sa ein gong at om ein ynskjer å forstå universet lyt ein studera frekvens, energi og vibrasjon. Det vart godt sagt.
Ein bør helst unngå å plassera spelaren der lydtrykket er høgst i rommet. Lydtrykket er maks ved veggane og ved tak/golv. Dette på grunn av at det oppstår ståande bølgjer i rommet. Det vil òg vera maks lydtrykk ved avstanden L = (lambda//2)N, der lambda = c/f, der c =343 m/s er lydfarten ved ca. 20 garder Celcius, f er frekvensen i Hz, og N = 1,2,3,... er eit heiltal. Slik kan ein finna posisjonen der det er maks lydtrykk i lengde-, breidde- og høgderetning. Minimum lydtrykk blir da lambda/4 fra der det er maks. Dette er dei aksiale modane. I tillegg får ein tangensiale og skråmodar. Avsstanden mellom modane er stor ved svært låge frekvensar og aukar snøgt når frekvens aukar. Det er nok dei lågfrekvente modane som skapar problem for platespelarar, og på grunn av at det stor avstand mellom desse kan ein i nokon grad redusera problemet ved å flytta spelaren litt. Kanskje ikkje så lett når han står på ei veggfast hylle. Det er lett å rekna ut plasseringa av maks og min lydtrykk i eit rektangulært rom, men dei fleste har vel møblar i rommet, og da er det ikkje like lett. Men ein kan lett finna plasseringa ved å spela ein sinustone (kan genererast i til dømes Audacity, som er gratis) og flytta seg rundt i rommet. Ein høyrer då tydeleg kvar det er max og min lydtrykk. Men ein lyt flytta seg i lengde, breidde og høgderetning. Ein treng ikkje dyrt måleutstyr; øyro fungerer bra. Det er naudsynt å variera frekvensen litt for at bølgjelengda (eigentleg lambda/2) skal passa inn i rommet. Etter som lydtrykket er høgt ved alle veggane, er optimal plassering litt ut i rommet, og litt opp frå golvet. Kan sjå ut som WAF ikkje berre gjeld høgtalarar, men òg platespelarplassering. Det var vel han Petter Dass som mælte: «Ondt ofte lider den fiskemand». Men det gjeld òg den som vil flytta orkestret inn i finstova.